Shandong (forenklakinesisk山东,pinyinShāndōng) er ein provins iFolkerepublikken Kina. Han ligg i aust, langs kysten vedGulehavet, i det området av landet som tradisjonelt, saman med provinsaneShanxi,Shaanxi,Hubei ogHunan, har vorte oppfatta som den kinesiske kulturen si vogge. Namnet på provinsen tyder «aust for fjella». Tidlegare strekte provinsen seg vidare, heilt fram tilTaihangfjella. Den kinesiske enkeltteiknforkortinga er 鲁 forLu, etter oldtidsstatenLu som låg i det sørlege Shandong. Provinsen dekker ei flatevidd på 156 700 km². Folketalet vart i 2008 berekna til 94 millionar.Jinan er hovudstad i provinsen.
Landskapet i Shandong er for det meste flatt. Dei nordvestlege, vestlege og sørvestlege delane av provinsen er del av den kinesiske sletta. Midtdelen av provinsen er meir fjellrik, med fjellområda Taishan, Lushan og Mengshan. Aust i provinsen ligg Shandong-halvøya med sine åsar og høgdedrag; ho skilBohaibukta i nordvest fråGulehavet i aust og sør. Høgste fjelltoppen i Taishan, 1545 meter høge 'Jade Emperor Peak', er det høgste fjellet i Shandong.
Bru over Huang He.
Huang He renn gjennom dei vestlege områda av Shandong, og når havet ved nordkysten av Shandong. På ferda gjennom Shandong renn elva gjennom dike høgre enn det kringliggande landet, og skil det vestlege Shandong opp i elvaneHai He i nord ogHuai He i sør.Keisarkanalen går inn i Shandong frå nordvest og går ut i sørvest. Nansisjøen er den største innsjøen i provinsen. Kystlina til Shandong er 3000 km lang. Shandonghalvøya har ein berglendt kyst med klipper, bukter og øyar. Den vide Laizhoubukta, den sørlegaste av tre bukter i Bohaibukta, ligg i nord, mellom Dongying og byen Penglai. Den langt mindre Jiaozhoubukta, ligg i sør, nær ved Qingdao. Miaodaoøyane ligg i nordleg retning utfor nordkysten av halvøya.
Shandong har eittemperert klima, med fuktige somrar og turre, kalde vintrar. Middeltemperaturen er frå –5 til 1°C i januar og 24 til 28°C i juli. Årleg nedbørsmengd er frå 550 to 950mm.
Shandong er den tredje mest folkerike provinsen i Kina, etterGuangdong ogHenan, med eit folketal på 94 millionar. Over 99% av innbyggarane i Shandong erhankinesarar.Huifolk ogmandsjuar er mellom minoritetsfolka. Gjennomsnittshøgda for innbyggarane i Shandong er den høgste for alle provinsane i Kina.
Shandong er den provinsen i Kina som har størst produksjon av ei rekke varer, så sombomull ogkveite, samt edelsteinar somgull ogdiamantar. Provinsen har dessutan ein av verdas største reservar avsafir.[1] Av jordbruksvekstar vert det dyrka mykjesorghum ogmais. Produksjonen av vin er ei viktig grein av landbruket. Shandong har òg rikepetroleumsreservar, særleg rundt Dongying ved Huang Hes nedre løp. Shenglifeltet der, er eit av Kinas større oljefelt. Shandong produsererbrom frå underjordiske brønnar ogsalt frå sjøvatn.
Shandong er ein av Kinas rikare provinsar, med mykje industri. Selskap frå ganske nærliggande land, somSør-Korea ogJapan, har gjort større investeringar i industrien. Provinsens rikaste del er Shandonghalvøya, der byen Qingdao hyser tre av Kinas mest kjende varemerke: ølet Tsingtao, selskapet Haier og Hisense.
Ettersom Shandong ligg på den nordkinesiske sletta, kom Shandong-området svært tidleg i kontakt med den kinesiske sivilisasjon, som hadde sitt opphav litt lenger vest. Begge dei tidlegast namngjevne kinesiske dynastia,Shang-dynastiet ogZhou-dynastiet, kontrollerte vest- og midt-Shandong. Shandonghalvøya låg lenge utanfor dette maktfeltet. Kinesarane kalla folka på halvøya forlaiyi, og såg på dei som barbariske. I løpet av få hundreår vart også desse folkasinifisert.
Undervår- og haustannaltida og underkrigarrika-tida fanst det to statsdanningar i Shandong. Den eine var statenQi, rundt dagens Linzi, og statenLu, rundt dagens Qufu.Konfucius var frå Lu. Lu var ein heller liten stat, og vart med tida erobra frå sør og slukt av statenChu. Staten Qi var derimot sterkare og bestod nesten heile den nemnde tidsalderen.
Qin-dynastiet bygde den første verkeleg sentraliserte, kinesiske staten. Dynastiet vart snøgt avløyst avHan-dynastiet. Shandong var då delt i to provinsar, Qingzhou og Yanzhou.
Etter den påfølgjande korte samlingsperioden vart Shandong og resten av det nordlege Kina erobra av nomadefolk som trengde inn frå nord. Deretter følgde eit hundreår med stendig skiftande, lokale herskarar.
Etter atSong-dynastiet atter hadde samla Kina, vart det i 1142 tvinga til å avstå heile det nordlege Kina, herunder Shandong, tiljursjenarane sittJin-dynasti. Namnet Shandong kom i bruk under Jin-dynastiet.
UnderMing-dynastiet omfatta provinsen grovt sett same området som i dag, i tillegg til nokre område som i dag høyrer tilLiaoning. Provinsen Liaoning ligg sør iMandsjuria.Mandsjuarane kjempa seg til sjølvstende. Kort etter dei vann sjølvstende, trengde dei sørover og erobra heile Kina, med Shandong.
UnderQing-dynastiet vart Shandong sine grenser gradvis meir og meir lik dagens. Shandong var ein av dei kinesiske regionane der det kom til flest opprør retta mot Qing-herskarane. Av oppstandar som tok til i Shandong kan nemnast fleire avkvite lotus-oppstandane, 'dei åtte trigrammars oppstanden' (1774), Nianoppstanden (1853–1868) ogboksaroppstanden (1899–1900).
Utanlandske makter tok gjennom 1800-talet stadig større kontroll over Kina. Kystprovinsane, ikkje minst Shandong, vart særleg omfatta av maktbruken som følgde. Både engelske, tyske og japanske interessentar gjorde seg gjeldande. Moderne skipsfart og utbygginga av jarnbanenettet, som utkonkurrerteKeisarkanalen, var saman med flaumar og tørke, samt at elvaHuang He tok nye elvefar, med på å utarme det vestlege Shandong.
I 1919 vedtokfredskonferansen i Versailles å overføre området Kiautschou i Shandong til Japan. Lokale krefter i Shandong danna då 'fjerde mai-rørsla', ei rørsle som spela ei viktig rolle for utviklinga i republikken Kina, og for framveksten avdet kinesiske kommunistpartiet.
Rundt tusenårsskiftet var Shandongs økonomi, særleg i dei austlege områda av provinsen, sterkt modernisert og snøgt veksande. Shandong hadde då vorte ein av dei rikaste provinsane i Kina.