Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sfinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sfinksen i Giza utanforKairo iEgypt.

Sfinks (utt.svings ellersvinks) er eitfabeldyr med kropp som eiløve og hovud av eitmenneske eller eit anna dyr. Sfinksar er særleg kjende frådet gamle Egypt, særleg gjennomsfinksen i Giza. Vesenet blei seinare teke opp igresk mytologi, der det tok opp trekk frå ein annan skikkelse. I seinare europeisk kultur blei sfinksen teke opp i kunst frårenessansen. Ein finn også sfinks-aktige figurar i andre kulturar frå middelhavslanda og Asia.

Denne gravstatuen av dronningHetepheres II frådet fjerde dynastiet er ofte rekna som den eldste framstillinga av ein sfinks. Statuen er no iDet egyptiske museet i Kairo.

Den egyptiske sfinksen stammar fråDet gamle riket (2000-talet f.Kr.). Den vanlegaste framstillinga av sfinksen er som ei liggande løve med menneskehovud, men ein finn også sfinksar medfalk-,hauk- ellervêrhovud. På denne tida var det vanleg å laga skulpturar av løver med hovudet til guddomen knytt til området dei blei laga, eller som var viktig i landet då. Sfinksen var knytt til solgudenSekhmet og blei seinare symbol forsola,farao og landetEgypt. Han verna mot vondt, og blei sett opp for å vernagraver ogtempel.

Gresk sfinks.
Foto: Ricardo André Frantz

Idet gamle Hellas hadde sfinksen gjerneørnevinger, og kunne i tillegg ha bryst som ei kvinne ogslangehale. Denne sfinksen er best kjend for å ha vaktaTheben ved å stilla alle som gjekk forbi eigåte, og derette kvela og sluka dei som ikkje kunne svara. SogeheltenØdipus løyste gåta, og sfinksen kasta seg ned frå klippa han stod på og døydde.

Sfinks i seinare europeisk kunst

[endre |endre wikiteksten]
La Granja, Spania, midten av 1700-talet.

Frå renessansen tok ein til å framstilla greske sfinksar i europeisk kunst. «Manierisme-sfinksen» eller «den franske sfinksen» er framstilt dels som ei tiltrekkande ung kvinne, dels som ei naturtru løve. Dei nye sfinksane var inspirerte avkeisar Nero sitt husDomus Aurea, som ein fann på slutten av 1400-talet. Einloggia vedVatikanpalasset som blei utsmykka avRafael i 1510-åra inneheldt mellom anna sfinksar. Sfinksane kom til Frankrike først gjennomFontainebleauskulen, og spreidde seg til resten av Europa. Dei blei mellom anna mykje nytta til å pynta slottsparkar på 1700-talet, mellom annaBelvedereparken iWien,Sanssouci iPotsdam,La Granja i Spania,Branickislottet i Białystok og iseinrokokkostil ved det portugisiskenasjonalslottet Queluz, medpipekrage og ein litenkep over brystet.

Mann oggepardsfinks i eitsymbolistisk måleri avFernand Khnopff frå 1896.

Mednyklassisismen gjekk ein noko tilbake til den ukledde og uflidde klassiske sfinksen i europeisk utsmykking. Også iromantikken ogsymbolismen avbilda ein sfinksen, hovudsakleg med peik til den greske mytologien heller enn den egyptiske, sjølv om desse sfinksane ikkje alltid hadde vinger.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Sfinks
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sfinks&oldid=3289753»
    Kategoriar:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp