Seychellane er einøystat som ligg aust for detafrikanske fastlandet iIndiahavet, nordaust forMadagaskar. Landet inneheld 115 øyar, den største og folkerikaste av dei erMahé. Med eit folketal på om lag 80000 er Seychellane den minst folkerike av dei sjølvstendige statane i Afrika.
Seychellane hartropisk klima, og den årlege nedbørsmengda varierer med høgda. Nedbøren er litt større på sørsida av øyane, som er utsett for den dominerande søraustlegepassatvinden. Det regnar godt året rundt, men dei våtaste månadane er frå november til mars. I juni-november litt kjøligare på grunn avsøraustpassaten.Port Victoria har ein årleg nedbørsnormal på 2351mm. Seychellane vert sjeldan råka avtropiske syklonar. Kombinasjonen av høge temperaturar og høgrelativ fukt vert utjamna avsjøbrisen, men nettene kan vere nokså klamme.
Den isolerte øygruppa var folketom då ho første gongen blei nedteikna påkart avportugisiskeoppdagarar, i1505. Ho blei noko brukt som landestad forsjøfart mellomAfrika ogAsia, mellom anna avsjørøvarar, fram tilFrankrike byrja å ta kontroll over henne frå 1756. Øyane blei då kalde opp etter den franskefinansministeren Jean Moreau de Sechelles.Frankrike ogStorbritannia stridde lenge om makta over Seychellane, men i1814 vart øyane britisk koloni.
Etter sjølvstendet frå Storbritannia i1976 vart eit kommunistisk statskupp gjennomført (i1977), ogFrance-Albert René, leiar forthe Seychelles People's Progressive Front (FPPS) tok makta og einpartidiktatur vart innført.
I1993 vart demokratiet gjeninnført, men René hadde makta heilt fram til2004, då den noverande presidentenJames Michel tok over.