Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sex Pistols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Sex Pistols».
Sex Pistols (1977)

The Sex Pistols er ei britiskpønkgruppe som vart skipa i1975 og oppløyst i1978. Dei kom saman att i 1996.

Medlemer

[endre |endre wikiteksten]

Stutt historikk

[endre |endre wikiteksten]

ManagerenMalcolm McLaren, som tidlegare hadde jobba medThe New York Dolls, skipa Sex Pistols i 1976. Jones og Cook var dei fyrste han fekk med i bandet. Hovudmålet deira var å spela rå, aggressiv rock & roll (pønk), inspirert av New York Dolls ogThe Ramones fråSambandsstatane, og å sjokkeraStorbritannia so mykje som råd. McLaren, Jones og Cook fekk med seg Lydon og Matlock, som var dei bestelåtskrivarane i gruppa, og etter å ha skapt seg eit namn med spelejobbar iLondon, fekk dei kontrakt med eit stort selskap og gav ut singelenAnarchy in the U. K. i 1976. Etter å ha gjort skandale både på riksdekkjandefjernsyn og i gatene i London, for ikkje å snakka omjukeboksar og skift bassist (til Vicious, som var heilt ut umusikalsk, men som derimot var tolleg god på skinnjakke), gav dei ut singlaneGod Save the Queen,Pretty Vacant ogHolidays in the Sun og det vidgjetne albumetNever Mind the Bollocks, Here's the Sex Pistols i 1977. Sex Pistols drog på store Storbritannia-turnéar, og allstad dei hadde vore spratt det opp nye pønkgrupper (til dømesThe Clash i London ogBuzzcocks ogJoy Division iManchester).

Konserten til gruppa påPenguin Club i Oslo20. juli1977 vert rekna som starten på pønken i Noreg.

På om lag same tida byrja det veksa fram ein intern splid i gruppa. Lydon, som vert rekna som den musikalskeheilen i bandet, rauk uklår med dei hine, i ser McLaren og Vicious, med anna med di McLaren ville at gruppa meir skulde handla om (ofte iscenesett) provokasjon heller enn ommusikk. Under den fyrsteUSA-turnéen med bandet, i 1978, trekte Lydon seg ut av bandet, og mange set oppløysinga av bandet til dette tidspunktet. McLaren heldt rett nok fram med å bruka namnet, til dømes på Vicious sin solosingelMy Way (1978) og filmenThe Great Rock 'n' Roll Swindle (1979), men då Vicious døydde i 1979 var det på alle måtar over. McLaren heldt fram med innkomegjevande prosjekt utetter 80-talet, inntil dei gamle medlemene i Sex Pistols stogga honom med eirettssak.

Lydon hadde startaPublic Image ltd. for å spela den musikken han helst ville i 1978, og jamvel dette bandet skreiv seg inn i rockesoga. Jones og Cook starta The Professionals og Matlock The Rich Kids - båe pønkgrupper med stutt levetid. Det opphavlege Sex Pistols kom saman att i1996, og spelar framleides konsertar frå tid til anna. McLaren prøvde seg som manager for fleire andre band, og som musikar.

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]

Attåt desse finst det ei lang rekkja samle- og liveplater av ymse slag.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Syphilia Morgenstierne om konserten i Oslo

Internett

[endre |endre wikiteksten]

God Save The Sex Pistols

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sex_Pistols&oldid=3286165»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp