Sevilla er det kunstnariske, kulturelle og økonomiske senteret i det sørlege Spania. Han er regionshovudstad iAndalucía og i provinsenSevilla. Byen ligg på sletta ved elvaGuadalquivir, om lag 7 meter over havet. Innbyggjarane i byen vert kallasevillanos (feminin formSevillanas) ellerHispalenses. Byen har kring 700000 innbyggjarar, men i storbyområdet bur det i underkant av 1,5 millionar menneske. Det gjer Sevilla til den fjerde største byen i Spania.
Byen var setet forVerdsutstillinga i 1929 og EXPO´92, som vart arrangert sommaren 1992.
Sevilla er meir enn 2000 år gammal. Dei forskjellige folkeslaga som har dominert byen i alle desse åra har gjeve byen ein særeigen atmosfæren med eit stort bevart historiske senter. Byen har vore mykje påverka av arabisk kultur, noko einkan sjå i dei mest kjende monumenta og stadane.
Byen vart iromartida kallaHispalis. Den nærliggande romarbyenItalica er velbevart og gjev eit inntrykk av korleis Hispalis kan ha sett ut i den seinare romerske perioden. I Sevilla finst i dag restane etter ein romerskeakvedukt.
Etter atvandalane ogvestgotarane erobra den romerske provinsenHispania Baetica på 400- og 500-talet, vart byen erobra avmaurarane i 712 og fekk då namnetIšbīliya (إشبيلية), som det noverande namnet «Sevilla» kjem frå. Det var eit viktig senter idet muslimske Andalucía og var verande under muslimsk kontroll, under dynastia tilumayyadane,almoravidane ogalmohadane før han fall tilFernando III i 1248. Byen har mange spor etter maurarane, mellom anna store delar av bymuren.
Sevilla på 1500-talet.Plaza de España.
Foto: Berthold Werner
Etterreconquista utvikla byen seg vidare og det vart bygd fleire offentlege bygg, som kyrkjer. Mange av kyrkjene var iMudéjar-stil. Seinare opplevde byen ei gullalder som førte mykje rikdom til byen. Dette kom av at Sevilla hadde monopol på handel meddei spanske områda iDen nye verda. Etter at Guadalquivir vart fylt med mudder vart det økonomiske nedgangstider i byen.
Den store pesten i Sevilla i 1649 tok livet av nesten halve byen og han kom seg ikkje skikkeleg på fote att før tidleg på 1800-talet.[1]
På 1800- og 1900-talet vart Sevilla industrialisert og folketalet voks.
Sevilla fall raskt for troppane til generalFrancisco Franco i byrjinga avden spanske borgarkrigen i 1936, sidan han var ein av dei første byane invasjonsstyrken fråMarokko kom til. Etter at byen først var erobra, auka motstanden i arbeidarklassen i byen ei stund, før sterke represaliar stoppa dette.[2][3]