Det karelske St. Nikolas-klosteret tidleg på 1900-taletInngangen til Det karelske St. Nikolas-klosteret (1691), no iKolomenskoje-muséet i Moskva.
Busetnaden på staden der den noverande byen Severodvinsk ligg vart først nemnt i 1419, då svenskane segla inn i bukta og brente ned klosteretNikolo-Korelskij som låg ved kysten. Dette klosteret meiner ein vart grunnlagt av St. Euphemius, ein ortodoks misjonær i deikarelske landa. Klosteret låg i ruinar til 1471, då to søner avMarfa Boretskaja vart drepen under ein forrykande storm, og lika deira vart funne på stranda nær klosteret tolv dagar seinare. Etter overtalingar frå Boretskaya vart klosteret gjenoppbygd og hennar to søner gravlagt der.
Klosteret blomstra etter skipinga av det engelskeMuscovy Company, sidan mesteparten av handelen til selskapet gjekk gjennom den lokale hamna. Dei noverande bygningane på klosteret vart bygt på slutten av denne perioden. St. Nikolas-katedralen, med sine fem kuplar, vart bygt 1670-74. Fleire tiår seinare vart veggane og tårna bygt i tømmer, og dei best bevarte av desse tårna vart i Sovjet-tida frakta tilKolomenskoje iMoskva, der ein kan sjå dei i dag.
Den noverande byen Severodvinsk vart utbygt iSovjetperioden og fekk bystatus i 1938. I perioden 1938–1957 hadde han namnetMolotovsk (russisk: Мо́лотовск), etterVjatsjeslav Molotov.
Byen er hovudbasen for dei russiske atomubåtane, og har òg store verft for bygging og reparasjon av ubåtar. Bygningane frå 1600-talet på Nikolo-Korelskijklosteret vart tilpassa og vert framleis nytta til skipsbyggingsformål.[1]