Avromarane vart byen kallaSerrae ellerSerrhae og det vart bygd ei stor festning her underAustromarriket for å vakte den nordlege grensa til riket og det strategiskeRupelpasset inn iBulgaria. Bulgararne tok byen på 900-talet, før han kom inn underSerbia i 1345 og vart hovudstad for keisarenStefan Dušan. Dušan var så nøgd med den harde omleiringa av den tredje austromerske byen at han krona seg sjølv «Keisar av serbarane og grekarane». Etter han døydde fall riket hans ut i føydalt anarki og keiserinna Hellen heldt fram å styre Sérres-området frå 1356, men vart alt i 1365 jaga bort avdespotenJovan UglješaMrnjavčević, som danna ein liten, men mektig miniputtstat i Sérres. Etter 1371 ogslaget ved Maritsa fekk austromarane tilbake kontrollen over Sérres og tvinga serbarane bort. Alt i 1383 erobra derimotosmanarane byen. Tidleg på 1900-talet oppstod det ein anti-osmansk uro i byen, som førte tilIlinden-Preobrazjenije-opprøret i 1903. Den bulgarske hæren erobra Sérres underden andre balkankrigen i 1913, men vart tvunge bort igjen av greske styrkar. Byen vart totalt ombygd etter at bulgarane brende ned heile byen. Han vart okkupert av bulgararane igjen under bådeden første ogden andre verdskrigen, og fekk fleire skadar. Etter krigen har dei greske styresmaktene utført planar som har utvikla økonomien til byen.
Sérres er senter i eit jordbruksdistrikt og er eit viktig handelssenter fortobakk,korn ogbuskap. Etter subsidiar frå staten vart området og eit senter for produksjon avtekstilar og andre industriprodukt.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 74 004 innbyggjarar, medan kommunaleininga Sérres hadde 60 888 og tettstaden med same namn 59 260 innbyggjarar.[1]