Sererfolk (også sereer, seereer, serere, sérère, sereeri, sarer og kegueme) er eifolkegruppe fråVest-Afrika. Dei utgjer den tredje største folkegruppa iSenegal, der dei utgjer 17 % av befolkninga. De finst også i Nord-Gambia og Sør-Mauritania.[1]
Sererane har opphavet sitt iSenegambia eller Mauritania. Senegambia er eit historisk namn for ein region i Vest-Afrika mellomSenegalelva i nord ogGambiaelva i sør, motsvarande dagens Senegal og Gambia.[2]
Ein teori er at dei kom frå Kaabu (Ngabou) iCasamance (eit område i Senegal sør for Gambia som omfattar Casamanceelva) for cirka 400 år sidan etter ein borgarkrig som følgde døden til ein framståande konge. Dei som tapte krigen flykta forbi Foni over Gambiaelva og busette seg til slutt i Mbissel i dagens Senegal. Soninke-Marabout-krigane (1850–1856) fordreiv dei nok ein gong og nokre tusen flyktningar kom så etter kvart til Barra og seinareBanjul, som ligg på kvar si side av utløpet til Gambiaelva.[3]
Ein annan teori er at dei opphavleg kom frå territoria nord for Senegal (truleg i området rundt Senegalelva, som er ei naturleg grense mellom Senegal og Mauritania), men blei tvinga av sterkare makt til å flytta til Futa Toro i Senegal (eit område rundt midtdelen av Senegalelva), der dei kom under dominans av folkegruppa tukulor. Seinare, rundt 1100-talet, tvingawolof-folket dei til å flytta sørpå til Sine-Saloum. Der etablerte dei små distrikt som seinare blei utvida til å omfatta dagens gambiske distrikt Wuli og Niani, men Sine-Saloum kom til å bli styrt av mandinka-folket. Sererane sine tradisjonar, kultur og samfunn fekk likevel så stor tyding at mandinka-folket i desse områda absorberte språket, skikkane og kulturen deira.[2][3]Sine-Saloum er ein region i Senegal, nord for Gambia og sør for Petit Côte. For lenge sidan låg dei serer-grunnlagde, rivaliserande kongerika Sine og Saloum her.
Opphavleg levde sererfolk i eit klasselaust samfunn. Dette gjekk over til å få ein sosial struktur med fem samfunnsklasser etter at mandinka-folket erobra delar av Vest-Afrika (inklusive Senegal og Gambia) frå 1500- til 1800-talet. Øvst i hierarkiet var den herskande adelen, med blodband til mandinka-folket. Under adelen hadde eintyeddo (krigarar) som omgav adelen. Den tredje klassa varjambur, dei frie borgarane (bøndene). Under desse igjen vart fanst ei gruppe lågare klasser baserte på yrke; handverkarar (inklusive smedar, vevarar, juvelerarar, lêrarbeidarar og snekkarar) og musikarar (griotar, som heldt den munnlege tradisjonen levande gjennom song og musikk). Til slutt, lengst ned i hierarkiet, hadde ein slavane, dels lokale folk fødde av slavar, dels folk som var kjøpte på slavemarknader eller var blitt fanga i krig. Strukturen finst til ein viss grad òg i dag.[3]
Tradisjonelt har sererane vore kjende for jordbruk (hirse, ris og fleire andre vekstar, mellom anna tre), men har også drive med fiske, båtbygging og dyrehald (storfe, får og geiter). Handelen er velutvikla og blir driven på marknader.[4]
Sererane kan delast inn i to hovudgrupper - dei som snakkarserer (serer-sine) og dei som snakkar nokre av cangin-språka. Serer, som er nært i slekt medwolof,fulfulde og temne, er det største og blir snakka av dei tre undergruppene seex (seeh),niominka ogjegeem. Seex er den største av desse undergrupper og blir funne i heile Senegambia-regionen og i Mauritania. Cangin blir tala i eit lite område aust forDakar i Senegal, av dei fem undergruppenesaafi (språk: safen eller saafi-saafi), ndut (språk:ndut), noon (språk:noon),waro (språk: palor eller sili-sili) og laalaa (språk: lehar ellerlaalaa). Serer og safen (saafi-saafi) er offisielt anerkjente språk i Senegal. Serer og cangin tilhøyrer begge denatlantiske greina av språkfamilienNiger-Kongo.[4][5][6]
Rundt 85 % av sererane ermuslimar og dei fleste andre erkristne. Sererane motsette seg utbreiinga av islam på 1800-talet. Etter den franskea koloniseringa av Senegal konverterte likevel mange til islam, og på byrjinga av 1910-talet hadde nesten halvparten (ca. 40 %) konvertert. Den tradisjonelle trua på ein universell høgste gudgom kalla Roog (eller Rog) lever att i mindre omfang. Blant cangin-talande sererar har skaparen mange namn, som Koox (Kooht), Kopé Tiatie Ca og Kokh Ko.[7]
Ein av dei viktigaste kosmologiske stjernene blir kalla Yoonir, eit symbol påuniversut og berre eit av mange religiøse symbol innan religionen og kosmologien til sererane. Ho er den klarast lysande stjerna på nattehimmelen, òg kjend somSirius eller hundestjerna, og er hovudstjerna i stjernebildetDen store hunden.
Trommer av ulike slag er eit viktig innslag i senegalesisk og gambisk musikk, bl.a.nder (solotromme),sabar (rytmetromme) ogtama (talande tromme; engelsktalking drum).
Sererane er kjende for dei to musikalske tradisjonanenjuup ogtassu. Njuup er ei religiøs songøving kopla til initieringsritennduts. Tassu er ein måte å deklamera religiøse vers på.[8]
Innanfor njuup-tradisjonen fekk unge gutar komponera religiøse songar for å få vekk tankane frå den ventande omskjeringa og for å utvikla dei kunstnariske evnene og andelegheiten sin. Njuup er ein forgangar tilmbalax, ei form for populærmusikk som oppstod i Senegal på byrjinga av 1970-talet. Mbalax oppstod etter at framståande senegalesiske artistar somYoussou N'Dour (som sjølv er serer) byrja å integrera njuup i dei tidlege verka sine.[9] Andre som har sunge njuup i den reinaste forma si er Rémi Jegaan Dio og Yandé Codou Sèn, som begge har turnert i Europa.[8]
Tassu blei opphavleg berre nytta i reine religiøse samanhengar, men har, som njuup, spreidd seg til populærmusikken.[8]
Sabar er ei tradisjonell tromme frå Senegal som òg blir spelt i Gambia. Det er òg namnet på den musikkstilen som blir spelt med denne tromma. Stilen oppstod i kongeriket Sine og spreidde seg seinare til kongeriket Saloum. Nokre av trommeteknikkane som blir nytta i sabar har opphav i njuup. Ein av dei meste visste utøvarane av denne musikkstilen er den senegalesiske artistenDoudou N'Diaye Rose.