Bandklippingsseremoniar blir ofte brukt for å opne nye prosjekt, her eit amerikansk senter i Kamerun.
Einseremoni er eit sett avrituelle handlingar som skal skape ei viss stemning. Størsteparten av seremonien blir utført på ein måte som alle som er med er samde om eller kjenner til på førehand. Føremålet med han er ofte å danne ramme rundt eisymbolsk handling, gjerne eitalehandling. Ein eller fleire leiarar seier noko medan resten av deltakarane høyrer og kan stadfeste at handlinga er utført.
Seremoniar kan ofte gje nokre av deltakarane ein ny status, til dømes somovergangsriter knytt tillivsløpet. Dei kan også vere knytt tiltevlingar, den nye statusen er å bli utropt til vinnar, eller dei kan vere knytt til yrkeslivet.