Serafar er ein kategorienglar som er omtalt i det sjette kapitlet avJesajas bok iBibelen. Dethebraiske ordetserafim (hebraisk:שרפים) er eit substantiv i fleirtal som er avleidd av verbetsaraf som tyder «å brenne».
Serafane er iJesaja 6:2,6 skildra som åndeskapningar med seks venger som har sin plass omkring Guds kongsstol i himmelen. Serafer tyder bokstaveleg 'dei brennande', så dei utstrålar sannsynlegvis eit brennande lys.
I og med at dei utfører si teneste ved Guds kongsstol, er dei imellomalderens englekult gjevne ein høg plass i den himmelske rangordninga.
Bibelen seier ikkje noko om talet på serafane. I eit syn som er nedskrive i Jesaja står det at serafane ropte «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom.»