Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sequencer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sequencer er eit verktøy eller programvare som kan spela inn, redigera eller spela avmusikk ved å handsamanote- og utføringsinformasjon i flere former, typiskCV/Gate,MIDI[1] ellerOpen Sound Control. og ved nokre høvelyd- ogautomatiseringsdata formusikkarbeidsstasjonar (digital audio workstation, DAW) ogpluginnar.

Utvikling av sequencerar

[endre |endre wikiteksten]

Utviklinga av Musical Instrument Digital Interface (MIDI)[2] på 1980-talet gav programmerarar høve til å laga programvare som lett kunne spela inn og spela av att sekvensar av notar som var framførte av musikarar eller programmerte. Etterkvart som teknologien utvikla seg vidare fekk sequencerar fleire funksjoner, som å kunne utførafleirsporsinnspeling. Sequencerar som blir brukte til lydopptak blir kalla digitale lydarbeidsstasjonar (digital audio workstation, DAW).

Mange moderne sequencerar kan brukast til å styra virtuelle instrument som blir implementerte som programvarepluginnar. Dette gjer at musikarar kan erstatta dyre og uhandterlege synthesizerar med kvar sine programvaretypar.

I dag blir ordetsequencer ofte brukt til å skildra programvare. Men det finst framleis eigne sequencer-maskiner. Musikkarbeidsstasjonar (music workstation) har sine eige innebygde MIDI-sequencerar.Trommemaskinar og nokre eldre synthesizarar har sin eigen innebygde trinn-sequencer. Etterspurnaden etter eigne MIDI-sequencer-maskinar har gått markant tilbake på grunn av det større funksjonssettet til dei tilsvarande programvareversjonane deira.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Margaret Rouse.«sequencer».WhatIs.com. TechTarget. Arkivert fråoriginalen 27. juni 2015. «In digital audio recording, a sequencer is a program in a computer or stand-alone keyboard unit that puts together a sound sequence from a series (or sequence) of Musical Instrument Digital Interface ( MIDI ) events (operations). The MIDI sequencer allows the user to record and edit a musical performance without using an audio-based input source. ...» 
  2. Swift, Andrew. (May 1997),«A brief Introduction to MIDI»,SURPRISE (Imperial College of Science Technology and Medicine), arkivert fråoriginalen 30 August 2012, henta22 August 2012 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sequencer&oldid=3632537»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp