SeptuagintaἩ μετάφρασις τῶν Ἑβδομήκοντα |

|
|
Språk | Jewish Koine Greek |
---|
Sjanger | bibelomsetjing |
---|
Septuaginta er ei før-kristen omsetting avDet gamle testamentet og nokre nærskylde skrifter tilgresk. Ho blir først nemnd i brev fråAristeas. Brevet er falskt, men vart skrive omkring 200 fvt. I brevet blir det fortalt at 72 lærde jødar, seks frå kvar av dei tolv israelske stammane, stod bak omsettinga. Frå dette kjem namnetseptuaginta, som er gresk for 70. Iteologisk litteratur blir tittelen ofte korta ned tilromertalet LXX.
Samlinga inneheld 46 gammaltestamentlege bøker, det vil si dei 39 bøkene i den jødiske kanon (i jødisk tradisjon blir desse delt opp i berre 24 bøker) samtdei deuterokanoniske skriftene. Dei sistnemnte, som det er sju av, utgjer ein del av denkatolske og denortodokseBibelen. I motsetnad til ein del moderne bibelutgåver der dei deuterokanoniske bøkene er tatt med, er desse ikkje plassert i ein egen del, men er sett mellom dei andre bøkene i en forsøksvis kronologisk/tematisk orden. I tillegg til desse kjem fire skrifter og ein salme som berre er rekna som kanoniske i nokre einskilde kyrkjesamfunn.Septuaginta er den offisielle versjon av Det gamle testamentet iDen ortodokse kyrkja, sjølv om nokre av bøkene ikkje blir rekna som kanoniske.