Sentral-EuropaAlpelanda og Visegrád-gruppa (Politisk kart, 2004)
Sentral-Europa ellerMellom-Europa er regionen som ligg mellom dei svakt definert områdaAust-Europa ogVest-Europa. I tillegg kanNord-Europa,Sør-Europa ogSøraust-Europa delvis avgrense og overlappe Sentral-Europa. Uttrykket vart igjen brukt etter slutten påDen kalde krigen, som hadde delt Europa politisk inn i Aust og Vest, derJernteppet delte «Sentral-Europa» i to. Definisjonen avSentral-Europa varierer frå nasjon til nasjon, og har òg endra seg med tida.
I mange land fall konseptSentral-Europa bort under Den kalde krigen, overskugga avAust- ogVest-Europa. I dag vert derimot uttrykket meir og meir brukt igjen.
Det vert stundom sagt atSentral-Europa er den delen av Europa som vert rekna som Austleg av vesteuropearar, og som vestleg av austeuropearar.
Geografien set markerte grenser mellom Sentral-Europa og naboregionane i nord og sør. Nord-Europa (ellerSkandinavia) ligg på andre sida avAustersjøen, ogItalia på andre sida avAlpane. Grensene til Aust- og Vest-Europa er derimot geografisk sett meir flytande, og kulturelle og geografiske definisjonar flyttar seg lettare vest-aust enn sør-nord.
Dette kan forklare kvifor mange leksika, og t.d.CIA World Factbook, deler inn Sentral-Europa som følgjer:
Bruken av omgrepetAlpeland for land som strekkjer seg til Austersjøen ogNordsjøen er noko omstridt. Tyskland har utan tvil vert rekna som eit land i Sentral-Europa, både av tyskarar og andre, og både på 1800- og 1900-talet har det vore rekna som eit landNord for Alpane, og ikkje eit landi Alpane. Dette gjeld sjølv forBayern, den mest alpine delstaten i Tyskland, der flest folk bur nord for Alpane og ikkje i dei.
EtterDen andre verdskrigen vart store delar av Europa, som både kulturelt og historisk var Vestleg, ein del avAustblokka, og dette fjerna effektivt omgrepet Sentral-Europa, og om det hadde vorte brukt kunne det tydd dei nøytrale landa Sveits og Austerrike. Etter oppløysing avWarszawapakta og slutten påDen kalde krigen har omgrepet meir og meir gått tilbake til si opphavlege tyding.
Under Den kalde krigen vart Sentral-Europa stundom berre brukt om dei vestlegaste Austblokklanda (Polen og Ungarn) for å vise at dei var kommuniststatar som var kulturelt knytt til Vest-Europa. Denne bruken av omgrepet har vore nytta òg etter Den kalde krigen.
Etter utvidinga avEU1. mai2004 vart uttrykketSentral-Europa stundom feilaktig brukt om «dei nye landa i EU». Dvs fråEstland tilMalta. Dette vart kanskje gjort for å unngå uttrykketNye Europa somDonald Rumsfeld kom opp med, og som kanskje viste for mykje amerikansk uvitigskap om europeiske saker.