Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Seiko Hashimoto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seiko Hashimoto


StatsborgarskapJapan
Fødd5. oktober1964 (60 år)
Hayakita
Idrettlengdeløp på skeiser,banesykling
Tok del iVinter-OL 1994,Vinter-OL 1988,Asialekene 1994,Sommar-OL 1996,Sommar-OL 1992,Sommar-OL 1988,Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1500 meter damer
UtmerkingarDen olympiske orden i gull,ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Seiko Hashimoto (fødd 5. oktober 1964) er ein japansk politikar, idrettsleiar og tidlegare idrettsutøvar frå i Hayakita påHokkaido. Ho var aktiv både i keiseløp og sykling. Hashimotos fremste prestasjon var andreplassen i firkamp-VM på skeiser i 1990.

Idrett

[endre |endre wikiteksten]

Hashimoto deltok i internasjonal skeiseidrett frå 1981 til 1994. Denne perioden var ho med i samtlege fire olympiske vinterleikar, frå 1984 iSarajevo til 1994 ogLillehammer. Høgdepunktet her var bronsemedaljen på 1500 m underVinter-OL 1992 iAlbertville.

Hashimoto markerte seg fyrst i sprintmeisterskapane på skeiser. Gjennom fem sprint-VM i åra 1986-90 vart ho etter rokes nummer 4, 5, 4, 3 og 4. Også i firkamp-VM på skeiser enda ho opp med tre fjerdeplassar; 1987, 1991 og 1993. Betre hevda ho seg i verdsmeisterskapen 1990, der ho vart slått einast avausttyske Jacqueline Börner, og i 1992 der ho la beslag på det siste trinnet på sigerspallen.

Banesyklisten Hashimoto representerte Japan i tre sommar-OL;Seoul 1988,Barcelona 1992 ogAtlanta 1996.

Seiko Hashimoto i 2008

Politikk

[endre |endre wikiteksten]

Hashimoto har vore president i det japanske skeiseforbundet. Sidan 1995 har ho representert Liberaldemokratane, det dominerande partiet i japansk politikk, i Sangiin (senatet).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Seiko_Hashimoto&oldid=3225514»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp