Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Saverne

Koordinatar:48°44′N07°22′E /48.733°N 7.367°E /48.733; 7.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saverne
Chateau des Rohans i Saverne
Chateau des Rohans i Saverne
Chateau des Rohans i Saverne
Byvåpenet til Saverne
Land
Region
Departement
Frankrike
Grand Est
Bas-Rhin
Flatevidd26,01 km²
Flatevidd
  By

26,01 km²
Innbyggjarar
  By (1999)
   - folketettleik

11 201
  431/km²
Koordinatar48°44′N07°22′E /48.733°N 7.367°E /48.733; 7.367
Høgd200 m
Tidssone
  Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Postnummer67700
Nettstad:www.mairie-saverne.fr

Saverne (tyskZabern) er ein by ogkommune nordaust iFrankrike. Han ersous-préfecture (underprefektur) idepartementetBas-Rhin iregionenGrand Est, og har om lag 11 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten avVogesane og 45 km nordvest forStrasbourg.

I 2006 hadde sjølve Saverne eit folketal på11 907,[1] og helie byområdet med omland hadde17 482 innbyggjarar.[2]

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Saverne vart før i tida kallaTres Tabernae Cesaris (Cæsar sine tre vertshus), fordi det låg tre vertshus her der reisande ofte byta oksar på grunn av den bratte stiginga opp til Lorraineplatået, og var ein viktig stad iromartida. Etter at staden vart øydelagd av germanskealemannarar vart han bygd opp att på ny av keisarJulian.[3]

Underden tyske bondekrigen vart byen okkupert av opprørarane i1525, men dei vart drivne ut avAntoine,hertug av Lorraine. Byen vart hardt råka undertrettiårskrigen, men bispepalasset som då vart øydelagt, vart bygt opp att like etter. I1852 vart bygningen omgjort avLouis Napoleon til bustad for enkene til riddarar iLégion d'honneur.

Saverne vart erobra av Tyskland i 1871, og annektert av Frankrike igjen etterden første verdskrigen.

I 1913 fornærma ein tysk offiser ei gruppe alsassiske rekruttar med å kalle dei «Wackes», som er eit svært nedsettande uttrykk for alsassarar. Innbyggjarane i byen demonstrerte, noko som førte til ein overdriven militær motaksjon med ulovlege arrestasjonar. Dette er opphav til uttrykketzabernisme (frå det tyske namnet på byen), som tyder misbruk av militær makt eller ulovleg åtak.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Château des Rohan
    Château des Rohan
  • Kyrkja Notre-Dame-de-la-Nativité
    Kyrkja Notre-Dame-de-la-Nativité
  • Grand'Rue
    Grand'Rue
  • Rådhuset
    Rådhuset

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Saverne
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Saverne&oldid=3604716»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp