Sarmin | |||
سرمين | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib | ||
Distrikt | Idlib | ||
Nahiyah | Sarmin | ||
Høgd | 390 moh. | ||
Koordinatar | 35°54′N36°43′E / 35.900°N 36.717°E /35.900; 36.717 | ||
Folketal | 14 530 (2004)[1] | ||
![]() Sarmin 35°54′00″N36°43′00″E / 35.9°N 36.716666666667°E /35.9; 36.716666666667 | |||
Sarmin (arabiskسرمين) er ein by nordvest iSyria iIdlib guvernement, 15 kilometer søraust forIdlib. Han ligg kring 390 meter over havet. Av stader i nærleiken finn einBinnish i nord,Talhiyah i nordaust,Iffis i aust,Saraqib i søraust ogal-Nayrab i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sarmin eit folketal på 14 530 i 2004. Han er den einaste staden i Sarminnahiyah («underdistrikt»).[1] Innbyggjarane er hovudsaklegsunnimuslimar.[2]
Sarmin var åstad for eit stortslag mellomkrossfararane ogseldsjukk-tyrkarane. På 1200-talet vart byen hylla, men var liten, og innbyggjarane varismailittar, i følgjeYaqut al-Hamawi.[3]Ajjubide-herskaren iHama og den lærdeAbu'l-Fida skildra Sarmin som ein my med mykje land og område med særs fruktbar jord. Byen hadde ingen bymuyrar, og ein Jami-moské.[3] I 1355 vart Sarmin vitja avIbn Batutah, som skreiv om dei mange trea, hovudsaklegoliven, som voks der. Det vart laga såpe og såpa vart eksportert til Damaskus og Kairo. I tillegg vart ei parfyrmert såpe, farga raud og gul, laga. Det vart òg laga bomullsprodukt. På denne tida var det ein finmoské i Sarmin med ni kuplar.[3]
Han vart bomba underden syriske borgarkrigen og ein av moskéane vart hardt skadd.[4]