Sargodha er ein by iPanjab i Pakistan. Han har kring 455 400 innbyggjarar (1998).[1] Sargodha er den 11. største byen i Pakistan,[2] og ein av dei som veks raskast.[3]
Sargodha ligg om lag 20 mil nordvest forLahore.[1]Elva Jhelum renn vest og sør for Sargodha, medanChenab renn aust for byen.[4]
Staden har vore folkesett i lang tid, men den noverande byen blei grunnlagd av deibritiske kolonistyresmaktene i 1903.[5] Han er ein av ein handfullplanlagde byar i Pakistan.[6]
Byen er eit samferdselsknutepunkt og ein handelsby i eit større jordbruksområde. Det finst også industri her med grunnlag i jordbruket, som handsaming av sukker, korn, olje og tekstilar.[1]
Sargodha har eit universitet.[1] skipa i 2002, og fleire høgskular. Det ligg ein militær flybase her,PAF Base Mushaf, som er den største i landet. Basen blei opphavleg skipa av britiskeRoyal Air Force på grunn av den strategiske plasseringa.[7] Den sentrale luftkommandoen til det pakistanske luftforsvaret har hovudkvarter her. Basen har også skule for kamppilotar.[6]