Dei største byane i Bay Area erSan Francisco,San José ogOakland. San Francisco er det tradisjonelle kulturelle og finansielle sentrumet i området, men er ikkje lengre like dominant (San José har større innbyggartal) og er ikkje heller geografisk sett eit klart urbant sentrum. Den økonomiske tyngda ligg snarare iSilicon Valley i sørdelen av området. To av dei fremste universiteta i USA,Stanford University ogUniversity of California iBerkeley, ligg òg i San Francisco Bay Area.
Bay Area er altså nokså ulike typiske storbyområde som har ein enkel bykjerne som er omgjeven av forstader. Befolkninga er i staden spreidd ut i fleire byar og forstader. På grunn av den spreidde karakteren blir området lokalt oftast berre kalla Bay Area (uten referanse til nokon spesiell by), og det fullstendige namnet blir hovudsakleg nytta i offisielle samanhengar.
Storbyområdet, som omfattar San Francisco, Oakland og San José, er det andre største i California (etterGreater Los Angeles) og det femte største i USA, etterNew York-,Los Angeles-,Chicago- og Washington, D.C./Baltimore-områda.
Typisk natur i Bay Area. Skyline Boulevard nær Palo Alto.