Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Samskipnad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foreining,samskipnad ellerselskap er ein ikkje-kommersiellorganisasjon, samanslutning eller eit samfunn av fagpersonar eller interesserte som har ei felles interesse, sak eller eit fagområde dei ønskjer å fremja, gjerne av einkulturell eller ueigennyttig karakter.

Selskap

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåselskap.

Ordet «selskap» er danna av det gamletyskeselle, som tyder ‘kamerat’, og viste opphavleg til «ei samling av venner». Pågammalnorsk heitte detselskapr.

Før blei gjerne uttrykket «selskap» brukt om foreiningar somvitskaplege ellerlitterære selskap. Frå slutten av1700-talet og framover oppstod det i ei rekkje vitskaplegeakademi og selskap iEuropa, alt fråRoyal Geographical Society til Selskapet for Psykisk Forskning og Det tyske selskapet for rasehygiene. Også i Noreg er det mange døme på samfunn og ideelle foreiningar med ordet selskap i namnet, blant deiDet Kongelige Selskap for Noregs Vel, Norsk-Tysk Selskap,Norsk Fysisk Selskap,Norsk Astronomisk Selskap, Norsk Skipsfartshistorisk Selskap,Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning, Norsk Bok- og Bibliotekhistorisk Selskap, Norsk Fuchsia Selskap og koret Oslo Chorale Selskap.

Klassifisering

[endre |endre wikiteksten]

I det norskeEiningsregisteret blir «ideell organisasjon» definert som «konsumentorienterte organisasjonar utan profittformål» – anten private eller offentlege.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Litteratur

    [endre |endre wikiteksten]
    • Geir Woxholth, (2018) Håndbok i foreningsledelse. 1. utgave. Oslo: Kopinor.ISBN978-82-1302-0077.
    • Geir Woxholth, (2020) Foreningsrett – med samvirkeloven. 4. utgave. Oslo: Gyldendal.ISBN978-82-0554-1818.
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Samskipnad&oldid=3607869»
    Kategori:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp