Sametingspresidenten er den øvste politiske leiaren idet norske sametinget og den høgste tillitsvalde blantsamane iNoreg.
Sametinget baserer verksemda si påparlamentarisme, og sametingspresidenten verd vald ved fleirtalsval i plenum i Sametinget. Deretter peiker sametingspresidenten ut fire medlemmer tilSametingsrådet blant representantane i Sametinget.
Sametingspresidenten og dei andre medlemmene i Sametingsrådet trer ut av plenum og vert erstatta av varaane sine så lenge dei sit i Sametingsrådet. Medlemmene i Sametingsrådet deltar difor ikkje i komitéane i Sametinget eller på vis i den politiske behandlinga av saker i Sametinget.
Makta og myndigheita til sametingspresidenten vert avleia av at presidenten er den øvste formelle leiaren for Sametinget, og den formelle makta til presidenten er definert indirekte avsamelova og direkte av arbeidsordenen til Sametinget. Mykje av den formelle og uformelle makta til Sametinget er framleis under utarbeiding. Noko av makta til presidenten er eit resultat av etablert praksis sidan opninga av det første Sametinget i 1989.
Myndigheita til Sametinget omfattar mellom anna daglig styring av Sametingsrådet og administrasjonen til Sametinget.