Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sameland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sameland strekkjer seg over heileNordkalotten
Det samiske flagget

Sameland (nordsamisk:Sápmi ellerSámeednan, historisk òg kallaLappland) er namnet på dei tradisjonelle leveområda til samane.Samane har leveområda sine i fire land:Noreg,Sverige,Finland ogRussland. Sameland strekkjer seg fråKolahalvøya i nordaust tilEngerdal iHedmark ogIdre i Midt-Sverige i sørvest. Området blir på samisk kallaSápmi,Sábme ellerSaemie.

Ordsoge

[endre |endre wikiteksten]

Opphavet til ordetsaemie (sørsamisk) ellersápmi (nordsamisk) er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk*žeme ’land’ (jf.russisk земля [zemljá], som iNovaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk*šämä ’landet (i nord)’, dvs. den delen av Finland baltarane hadde kontakt med.[1] Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringaš → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekkHäme, namnet på områdetTavastland (derLahtis ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringaš → s, og isterkt stadium i nordlege dialektar også gjennomdissimileringam → pm, slik at vi fekkSápmi, ’Sameland’. Det same ordet*sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringaš → h i finsk) som namn påFinland, i forma*šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som*šāma. Langā vart til langō i sein urfinsk, vi fekk*sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar oge → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet erSuomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs.suomalaiset,hämäläiset ogsápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Framstillinga av etymologien forsápmi baserer seg på Koivulehto 1993.
Bibliografi
  • Koivulehto, Jorma 1993: Suomi.Virittäjä s. 400-408pdf
Historie
Samfunn
Kultur
Politikk
Delgrupper
Språk
Samiske språk
Samiske språk
Fonologien til:
Morfologien til:
Syntaksen til:
Samisk språkforsking
Samisk språkhistorie
Samiske område
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sameland&oldid=3621753»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp