Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Samba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samba er den mest utbreidde musikkforma avafrikansk opphav iBrasil. Ordet «samba» kjem truleg frå detangolanske ordetsemba, som er namnet på ein tradisjonell dans.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Sambaen oppstod truleg i delstatenBahia i nordaust-Brasil, og den er framleis ein del av musikktradisjonen i området. Likevel reknast sambaen for å vere ein musikkform som oppstod iRio de Janeiro på byrjinga av1900-talet, på grunn av den store mengda av slavar som migrerte frå Bahia tilkaffiplantasjane i delstaten Rio. Andre sjangrar sommaxixe oglundu blir rekna som forløparar for sambaen.

Den første innspelinga av samba skal ha vore låten Pelo Telefone» som vart spelt inn i 1916. Songen vart svært populær, og bidrog til at musikkstilen vart kjend utanfor Rio-området.

1930-talet var den førstesambaskulen stifta av ei gruppe musikarar under leiing avIsmael Silva. Den fekk namnetDeixa Falar, og bidrog til å tilpasse forma slik at den lettare kunne brukast som parademusikk underkarnevalet. Ein annan sentral person var komponisten og tekstforfattarenNoel Rosa, som fekk stor popularitet med samba som uttrykksform. Samstundes vart musikken spreidd over heile landet viaradio, og under presidentperioden tilGetúlio Vargas fekk sambaen ein tilnærma status som Brasils «offisielle» musikk.

I dei følgjande åra utvikla sambaen seg i fleire retningar, frå den lågmæltesamba canção til dei store trommeorkestra som brukast i sambaskulane. Ein av desse nye variantane varbossa nova, som oppstod blant musikarar hovudsakleg avmiddelklassebakgrunn, blant andreJoão Gilberto ogAntônio Carlos Jobim. På1960-talet byrja bossa nova-musikarar med innsamling og gjenoppliving av den eldre sambatradisjonen. Fleire artistar vart gjort kjende for eit større publikum og spelte inn dei første platene sine, som mellom annaCartola,Nelson Cavaquinho,Zé Keti ogClementina de Jesus.

1970-talet kunne ein høyre mykje samba på brasilianske radiostasjonar. Dei mest spelte var komponistar og songarar somMartinho da Vila,Clara Nunes ogBeth Carvalho.

Etter ein periode på byrjinga av1980-talet, då radiostasjonane hadde fokusert lite på samba og meir pådiskomusikk og brasilianskrock, kom sambaen attende med ein ny variant som bar namnetpagode. Stilen oppstod i drabantbyane tilRio de Janeiro, og var særprega av eit meir folkeleg språk, og instrument sombanjo ogtantã. Kjende artistar innan denne sjangeren varZeca Pagodinho,Almir Guineto,Grupo Fundo de Quintal,Jorge Aragão ogJovelina Pérola Negra.

Variantar av samba

[endre |endre wikiteksten]

Standard samba

[endre |endre wikiteksten]

Samba spelast med ein rytmeseksjon, der grunnpulsen vert markert medsurdo ellertantã. Det lille strengeinstrumentetcavaquinho utgjer ein viktig del av det harmonisk-rytmiske elementet, og handtrommapandeiro har ei utfyllande rolle i det rytmiske mønsteret. Andre instrument ergitaren, ofte ein gitarvariant med 7 strenger, som spelarkontrapunktiske basslinjer.

Partido alto

[endre |endre wikiteksten]

Dette er ein variant av samba med meir markert bruk av pandeiroen og meir fokus på rytmikken. Melodiar i partido alto er alltid idur-toneartar, og som regel delt opp i refreng og vers. Versa er som regel improvisert.

Pagode

[endre |endre wikiteksten]

Ein populær form som oppstod i drabantbyane tilRio de Janeiro, og som no har blitt ein av dei dominerande musikkformane i Brasil. Det starta på1980-talet med innføringa av instrumenta banjo, tantã ogrepique, i tillegg til cavaquinho, gitar og pandeiro. I dag er det vanleg å nytte elektriske instrument somel-gitar,el-bass ogkeyboard, i tillegg tiltrommesett, som ikkje har vore vanleg i tradisjonell samba. Pagode-artistar opptrer ofte på brasiliansk TV, som regel med dansarar som ein del av sceneshowet.

Samba de breque

[endre |endre wikiteksten]

Ein variant der teksten var historier som artisten til dels song, til dels framførte som dialogar.

Samba-Canção

[endre |endre wikiteksten]

Ein variant som har vore svært utbreidd på brasilianske radiostasjonar. Stilen er prega av romantiske tekstar og ein roleg rytme, og har vore påverka avmeksikanskbolero og amerikanskeballader.

Kjende artistar:Noel Rosa,Ângela Maria,Nelson Gonçalves,Cauby Peixoto,Agnaldo Rayol,Dolores Duran,Maysa,Lindomar Castilho ogAlexandre Pires.

Samba-Enredo

[endre |endre wikiteksten]

Varianten som brukast avsambaskulane under karnevalsprosesjonane. Tekstane i samba-enredo fortel som regel ei historie som vert illustrert av framsyninga til sambaskulen under paraden. Melodien vert som regel sunge av ein mann, akkompagnert av eincavaquinho og av heile trommeorkesteret til sambaskulen. Dette gir eit komplekst og intenst lydbilete, som òg er kjend sombatucada.

Bossa Nova

[endre |endre wikiteksten]

Ein stil som oppstod på1960-talet som ei blanding av amerikanskjazzharmonikk og samba. Dei viktigaste opphavsmennene til stilen var komponistenTom Jobim, diktarenVinícius de Moraes og gitaristen og songarenJoão Gilberto. Sistnemnde hadde ein lågmælt og innovervendt songstil som inspirerte dei fleste brasilianske artistane som kom seinare, slik somCaetano Veloso,Gilberto Gil ogMarisa Monte. Bossa nova fekk eit verdsomspennande gjennombrot med innspelingaThe Girl from Ipanema i 1962.

Andre variantar

[endre |endre wikiteksten]

Samba-reggae - ein stil som oppstod iBahia på slutten av 1980-talet.

Samba de roda - ein eldre variant, der deltakarane står i ein ring medan enkeltmedlemer dansar i midten etter tur.

Samba rock ein nyare variant med innslag avfunk ogsoul.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Om samba

[endre |endre wikiteksten]

Artistar

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Samba&oldid=2803396»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp