Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sakhalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakhalin
Сахалин
øy
Land Russland
StadStillehavet
Høgd1 609 m
Areal78 000 km²
Folketal673 100
Folketettleik8,62/km² / km²
Kart
Sakhalin
50°30′N143°00′E /50.5°N 143°E /50.5; 143
Kart som viser Sakhalin.
Kart som viser Sakhalin.
Kart som viser Sakhalin.
Wikimedia Commons:Sakhalin

Sakhalin (russisk skrift Сахалин) er ei stor, lang øy nord iStillehavet. Ho er ein del avRussland og den største øya i landet. Ho vert administrert avSakhalin oblast. Dei innfødde folkegruppene på øya erainoar,orokar ognivkhar.[1] Dei fleste ainofolka flytta tilHokkaido då japanarane vart kasta ut av øya i 1949.[2]

Øya blir kallaKarafuto (樺太) ellerSaharin (サハリン) påjapansk ogKùyè (庫頁) påkinesisk.Det europeiske namnet på øya er ei mistolking avmandsjunamnetsahaliyan ula angga hada («toppen ved munningen til elvaAmur»)Sahaliyan tyder «svart» på mandsju og viser til elva Amur (sahaliyan ula). Det japanske namnetKarafuto kjem fråainoKamuy-Kara-Puto-Ya-Mosir (Kara Puto), som tyder «Gud av munningen til vasslandet». Dette namnet vart nytta av japanarane då dei styrte den sørlege delen av øya (1905-1945).

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Sakhalin var busett isteinalderen. Det er funne mangeflintreiskapar vedDui ogKusunai. Fråbronsealderen har ein funne spor etter jordmurar og møddingar vedAnivabukta.

Av dei innfødde folkegruppene på Sakhalin finn ein ainofolket på den sørlege halvdelen, orokane sentralt og nivkhane i den nordlege delen.[3] Kinesarane skreiv om folkegruppenexianbei[4] oghezhe, som levde av fiske. Det kinesiskeMingdynastiet kalla øya Kuyi (kinesisk 苦兀Kǔwù) og seinare Kuye (kinesisk 庫頁Kùyè). Ein kort periode (1409-1435) var Kuye underlagt ein kommandørpost som Mingdynastiet oppretta og det står framleis ein grensestein frå denne tida på øya. I følgjeWei Yuan sitt verkMilitærhistoria til Qingdynastiet (聖武記Shèngwǔ Jì), sende dei 400 soldatar til Sakhalin i 1616 etter at japanarane fatta interesse for øya, men dei trekte seg seinare tilbake då ein ikkje rekna øya som ein trugsel.

Det vart oppretta ein japansk busetnad på den sørlege halvdelen av Sakhalin kalla Ootomari i 1679 i eit forsøk på å kolonisere øya. Kartografar fråMatsumae-klanen teikna eit kart over øya og kalla hoKita-Ezo (Nord-Ezo, Ezo er det gamle namnet på Hokkaido).Nertsjinsk-traktaten frå 1686 mellom Russland og Kina, som definerteStanovojfjella som grensa mellom dei, nemnde ikkje eksplisitt øya. Likevel starta Russland å okkupere øya med ein hær som bestod av straffedømde frå 1700-talet og framover.Qingriket kravde òg herredøme over øya. Dei kinesiske styresmaktene hadde derimot ikkje militære styrkar på øya og folk frå både Japan og Russland prøvde å kolonisere øya frå kvar sin ende.

Sakhalin vart kjend for europearane etter reisene tilIvan Moskvitin ogMartin Gerritz de Vries på 1600-talet, og enno betre kjend etter reisene tilJean-François de La Pérouse (1787) ogIvan Krusenstern (1805). Alle desse rekna øya som ei halvøy og kjende ikkje tilTatarsundet, som vart oppdaga i 1809 avMamiya Rinzo.

Basert på at ho var ei forlenging av Hokkaido, både geografisk og kulturelt, gjorde Japan krav på heile øya i 1845, samt øygruppaKurilane, som Russland òg kravde herredøme over. Den russiske sjøfararenGennady Nevelskoj stadfesta endeleg at Tatarsundet eksisterte og var framkommeleg i 1849 og trass i krava til Qing og Japan oppretta russiske nybyggjarar kolgruver, offentlege bygg, skular, fengsel og kyrkjer på øya.

Søndagsmarknad tidleg på 1900-talet.

I 1855 signerte Russland og JapanShimoda-traktaten, som erklærte at begge landa kunne byggje på øya, russarane i nord og japanarane i sør, utan at det vart oppretta klåre grenser mellom dei. Russland gjekk òg med på å nedruste militærbasen i Ootomari. EtterOpiumkrigen tvinga Russland Kina til å signere den urettviseAiguntraktaten ogPekingkonvesjonen der Kina mista alle krav på landområde nord forHeilongjiang (Amur) og aust forUssuri, inkludert Sakhalin, tilRussland. Einkatorga (straffekoloni) vart oppretta av Russland på Sakhalin i 1857, men den sørlege delen av øya vart halde av japanarane tilSt. Petersburg-trakataten i 1875, då denne delen vart avstått til Russland i byte for Kurilane. Etterden russisk-japanske krigen signerte dei to landaPortsmouth-traktaten i 1905, som førte til at den sørlege halvdelen av Sakhalin gjekk tilbake til Japan. Russland heldt om lag 60 % av landområdet. Sør-Sakhalin vart administrert av Japan som Karafuto-chō (樺太庁) medToyohara som hovudstad, i dagJuzjno-Sakhalinsk og mange flytta hit frå Japan ogKorea.

I august 1945, som følgje avJaltakonferansen, tokSovjetunionen kontroll over heile Sakhalin. Det sovjetiske åtaket på Sør-Sakhalin starta11. august1945, som ein del avden mandsjuriske strategiske offensiven, fire dagar før Japan overgav seg etter bombinga avHiroshima. Sjølv om den raude arméen talde tre gonger så mange som japanarane klarte dei ikkje å ta dei japanske styrkane. Det var først då forsterkingar ankom Tōro (塔路), ein landsby ved kysten, vest på Sakhalin, den 16. august at sovjetarane braut gjennom forsvarslinjene til Japan. Enkelte kamphandlingar heldt fram til 21. august og dei neste dagane overgav dei fleste japanske styrkane seg. Den sovjetiske erobringa av Sakhalin var komplett den 25. august 1945 då dei erobra hovudstaden Toyohara.

Det vart ikkje signert ein endeleg fredsavtale og statusen til dei fire naboøyane er framleis omstridd. Japan sa frå seg kravet om den sørlege halvdelen av Sakhalin og Kurilane etterSan Francisco-traktaten (1951), men hevdar i dag at dei fire naboøyane som i dag vert styrt av Russland ikkje var ein del av dette avkallet. Japan har derimot gjeve gjensidig visum til japanske familiar og ainofamiliar som er delt på grunn av den russiske okkupasjonen. Nyleg har det økonomiske og politiske samarbeidet gradvis betra seg mellom dei to landa trass i usemja omkring desse øyane.

Ei sivilt sørkoreansk fly som fauk over Sakhalin vart skote ned like vest for øya av Sovjetunionen 1. september1983. Flyet fauk ulovleg over sovjetisk luftrom og utan løyve først overKamtsjatkahalvøya, like før sovjetarane skulle prøveskyte ein SS-25, ein ulovleg (ifølgjeSALT II-avtalar) interkontinental ballistisk missil (ICBM). Flyet svarte ikkje då sovjetiske styresmakter prøvde å kontakte flyet og dei meinte det var eit spionfly. Alle 269 om bord på flyet omkom.

28. mai1995 råka eit jordskjelv som målte 7,5 pårichterskalaen øya og 2000 menneske i byenNeftegorsk mista livet.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Gjørmevulkan på Sakhalin.

Sakhalin er skild frå fastlandet via det smale og grunneMamijasundet eller Tatarsundet, som ofte frys til om vinteren i den smalaste delen. MellomHokkaido (Japan) i sør liggSoyasundet ellerLa Pérouse-sundet. Sakhalin er den største øya i Russland og er 948 km lang og 25 til 170 km brei med eit areal på 78 000 km².

Den orografiske og geologiske strukturen til øya er ikkje fullt ut kjend. Nesten to tredjedelar av Sakhalin er fjellkledd. To parallelle fjellkjeder kryssar øya frå nord til sør og når høgder på 600 til 1500 meter over havet. Dei vestlege Sakhalinfjella harItsjara som det høgaste punktet på 1481 meter over havet, medan det høgaste fjellet på øya,Lopatin, ligg i Dei austlege Sakahlinfjella med ei høgd på 1609 meter over havet. Tym-Poronaiskaja-dalen ligg mellom dei to fjellkjedene. Susuanaiskij- og Tonino-Anivskij-fjella kryssar øya i sør, medan ei myrlendt slette dekker den nordlege delen av øya.

Krystallinske bergartar dukkar opp fleire stader.Kalkstein fråkrittida med gigantiskeammonittar finn ein ved Dui på vestkysten ogkonglomerat,sandstein,mergel ogleire fråtertiærtida finn ein fleire stader på øya. Leira, som inneheld lag med god kol og mykje fossil vegetasjon viser at Sakhalin undermiocen var ein del av kontinentet som utgjorde Nord-Asia,Alaska og Japan, og hadde eit varmare klima enn i dag.Pliocenavleiringar inneheldblautdyr som er meir arktiske enn dei som lever her i dag, noko som indikerer at tilkomsten mellomNordishavet og Stillehavet truleg var breiare enn i dag.

Dei største elvane på øya erTym på 400 km. 80 km av ho er framkommeleg for lette båtar og ho renn nord og nordaustover med mange stryk og grunner før ho munnar ut iOkhotskhavet.Poronai renn sør og søraustover tilTerpenibukta på søraustkysten. Tre andre, mindre elvar, munnar ut i den breieAnivabukta heilt sør på øya.

Det nordlegaste punktet på Sakhalin erKapp ElisabethSjmidthalvøya.Kapp Krillon er det sørlegaste punktet.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]
Gammalt fotografi av to ainomenn frå Sakhalin.

På byrjinga av 1900-talet levde om lag 32 000 russarar (der 22 150 var straffangar) på Sakhalin i lag med fleire tusen av dei innfødde. I dag er innbyggjartale på over 600 000 der 83 % er etniske russarar, 5,5 % koreanarar, i tillegg til ukrainarar ogtatarar. Av dei innfødde folkegruppene finn ein om lag 2000 nivkhar, 750 orokar, 200 evenkar og nokre jauktar. Nivkhane i nord livnærer seg av jakt og fiske.

Hovudstaden erJuzjno-Sakhalinsk, ein by med om lag 175 000 innbyggjarar. Han har ein stor koreansk minoritet, ofte kallasakahlin-koreanarar, som vart ført hit med tvang av japanarane underden andre verdskrigen for å arbeide i kolgruvene. Dei fleste innbyggjarane lever på den sørlege halvdelen av øya, hovudsakleg rundt Juzjno-Sakhalinsk og dei to hamnebyane,Kholmsk ogKorsakov (om lag 40 000 innbyggjarar kvar).

400 000 japanske innbyggjarar på Sakhalin (inkludert dei innføddeainoane) vart deporterte etter at Sovjetunionen erobra den sørlege halvdelen av øya i 1945 mot slutten av den andre verdskrigen.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Klimaet til Sakhalin er ganske kaldt på grunn av det rå og tåketeOkhotskhavet, men likevel langt mindre kaldt enn detsibirske innlandet. Ved Dui er den årlege middeltemperaturen berre 0,5 °C (januar -15,9 °C; juli 16,1 °C) og 3,1 °C ved Aniva (januar −12,5 °C; juli 15,7 °C). VedAleksandrovsk-Sakhalinskij nær Dui varierer normaltemperaturen frå 27 °C i juli til −39 °C i januar, medan dei indre områda ved Rykovsk kan få temperaturar ned mot −45 °C. Nedbørsnormalen er rundt 570 mm. Tjukt skydekke dekker ofte øya , medan den kalde havstraumen i Okhotskhavet og nordaustlege vindar fører med seg isfjell langs austkysten om sommaren.

Dyre- og planteliv

[endre |endre wikiteksten]
Eit skogdekt Spamberg.

Heile øya er dekt av tett skog, hovudsakleg barskog. Yezogran (Picea jezoensis),sakhalinfuru (Abies sachalinsis) ogdahurisk lerke (Larix gmelinii) er dei største tregruppene. I høgareliggande område finn einsibirsk dvergfuru (Pinus pumila) ogkurilsk bambus (Sasa kurilensis).Bjørker, bådesibirsk hengebjørk (Betula platyphylla) ogermanbjørk (B. ermanii),poppel,alm,hegg (Prunus padus),japansk barlind (Taxus cuspidata) og fleire piletre er blanda inn i barskogane. Lenger sør finn einlønn,raun,eik,amurkork (Phellodendron amurense),beinved (Euonymus macropterus) ogthunbergia (Vitis thunbergii). I underskogen finn ein mange bærplanter (sommolte,tranebær,krekling,tytebær),hyll (Sambucus racemosa),villbringebær ogspirea.

Det er mykjebjørn,rev,oter ogsobel på øya. Det leverreinsdyr i nord medanmoskushjort, hare, ekorn, rotter og mus finst overalt. Av fuglar finn ein hovudsakleg dei vanlege austsibirske artane, men det er òg nokreendemiske og nesten endemiske artar som hekkar her, som den utryddingstruaflekkgluttsnipe (Tringa guttifer) ogsakhalinsongar (Phylloscopus borealoides). I elvane er det mykje fisk, særleg laksefisk (Oncorhynchus). Ved kysten finn ein mykjekval som den nesten utryddakaliforniske gråkvalen.

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Transport, særleg via sjøen, er ein viktig del av økonomien. Nesten alle varer som kjem til Sakhalin (og Kurilane) kjem via lasteskip eller ferjer med jernbanevogner viaVanino-Kholmsk. HamneneKorsakov og Kholmsk er dei største og handsamar alle typar varer, medan kol og tømmer ofte går til andre hamner. I 1999 opna det ferjerute mellom Korsakov ogWakkanai iJapan.

Om lag 30 % av all innlandstransport skjer via jernbane. Sakhalin har jernbanelinjer som går fråNogliki i nord til Korsakov i sør. Det finst òg smalspora jernbanelinjer frå Nogliki tilOkha, som har ei lengd på 228 km. Via ferjesambandet Vanino-Kholmsk har Sakhalin jernbanesamband til resten av Russland. Jernbanenettverket vert fortida ombygd frå japansk standard til russisk standard[5][6] Dei opphavlege japanske damplokomotivaD51 vart nytta av det sovjetiske jernbaneverket fram til 1979.

Dette japanske D51-lokomotivet står utanfor jernbanestasjonen i Juzjno-Sakhlainsk.

Sakhalin har flysamband tilMoskva,Khabarovsk,Vladivostok og andre byar i Russland.Juzjno-Sakhalinsk lufthamn har internasjonale flysamband tilHakodate i Japan ogSeoul ogBusan i Korea. Det går òg charterfly til japanske byar somTokyo,Niigata ogSapporo og kinesiske byar somShanghai,Dalian ogHarbin.

Ideen om å byggje eit fastlandssamband til Sakhalin vart først lagt fram i 1930-åra. I 1940-åra vart det gjort forsøk på å byggje ein 10 km lang undersjøisktunnel.[7] Arbeidarane kom visstnok nesten halvvegs før prosjektet vart skrinlagd underNikita Khrusjtsjov.[treng kjelde] I 2000 gav dei russiske styresmaktene nytt liv til ideen og foreslo å ei 40 km lang bru mellom Sakhalin og Hokkaido og gje Japan fastlandssamband til det euroasiatiske jernbanenettverket. Japanarane var skeptiske og planane er truleg skrinlagd etter at kostnadane vart estimert til om lag 200-300 milliardar kroner.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Økonomien til Sakhalin baserer seg på ressursar som olje og gass, kol, skogbruk og fiske. Det vert dyrka noko [[korn) og grønsaker, men vekstsesongen er mindre enn 100 dagar.

Etter at Sovjetunionen kollapsa og økonomien vart liberalisert har Sakhalin opplevd ein økonomisk vekst på grunn av dei store olje- og gassfelta i området, som er estimert til å innehalde 14 milliardar tønner olje og 2700 km³ med gass. Dette vert i dag utvikla i samarbeid med internasjonale oljeselskap somExxonMobil ogShell.

I 2000 utgjorde olje- og gassindustrien 57,5 % av dei totale industriutbyttet til Sakhalin. I 2006 var dette auka til 80%. Sakhalin sin økonomi har auka raskt på grunn av olje- og gassindustrien, og i 2005 var øya det største området for utanlandske investeringar i Russland etterfølgd av Moskva. I 2002 var arbeidsløysa på berre 2 %. All olje og gass vert derimot eksportert og ikkje noko er att til innbyggjarane.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Dei innfødde folkegruppeneArkivert 2009-03-17 vedWayback Machine. - The Sakhalin Regional Museum — Sakh.com
  2. Reid, Anna.The Shaman's Coat: A Native History of Siberia. New York, New York: Walker & Company. 2003. s.148-150ISBN 0-8027-1399-8
  3. Gall, Timothy L.Worldmark Encyclopedia of Cultures og Daily Life. Detroit, Michigan: Gale Research Inc. 1998. s.2-3.ISBN 0-7876-0552-2
  4. Sakhalin: Encyclopedia II - Sakhalin - History
  5. Jernbanane på Sakhalin - JSC
  6. Jernbanane på Sakhalin[daud lenkje] - International Steam Locomotives
  7. Berliner Zeitung, «Der Tunnel nach Sachalin»

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Antsiferov ·Arka ·Atlasov ·Banka Zotova ·Bajdukov ·Beljakovøya ·Bolsjoj Tsjome ·Bolsjoj Sjantar ·Brat Tsjirpojev ·Broutona ·Dobrzjanskij ·Ekarma ·Feklistova ·Hokkaidō ·Ionøya ·Iturup ·Jamøyane ·Jengalytsjev ·Kamen-Mukdykyn ·Kamen Opasnosti ·Kekuryøyane ·Ketoj ·Khalpiliøyane ·Kharimkotan ·Konus ·Kraterbukta ·Kraynijøya ·Kunasjir ·Kurilane ·Makanrusji ·Matua ·Morskaja Matuga ·Nansikanøya ·Nedorazumenija ·Onekotan ·Oremif ·Paramusjir ·Pilamif ·Rajkoke ·Rassjua ·Retsjnaja Matuga ·Reynekeøya ·Rovnij ·Sakhalin ·Sjantarøyane ·Sjelikan ·Sjiasjkotan ·Sjumsju ·Simusjir ·Spafarjevøyane ·Talanøya ·Telanøya ·Tretijøya ·Tiulenij ·Tsjastnyjeøyane ·Tsjetyre Paltsa ·Tsjirinkotan ·Tsjirpoj ·Tsjkalovøya ·Umara ·Urup ·Usj ·Usjisjir ·Vtoroy ·Zavjalov ·Zubtsjatij
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sakhalin&oldid=3556751»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp