Saints Row | |||
Utviklar(ar) | Volition, Inc. | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | THQ | ||
Produsent(ar) | Jacques Hennequet | ||
Spelmotor | Havok | ||
Plattform(er) | Xbox 360 | ||
Utgjeving | NA: 29. august 2006 EU: 1. september 2006 | ||
Sjanger | Action-eventyrspel | ||
Spelemodus | Enkeltspelar,fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 18+ ESRB: M | ||
Nettstad | http://www.saintsrow.com/ | ||
Del av serien Saints Row⠀ | |||
Saint's Row 2→ |
Saints Row er eitaction-eventyrspel utvikla av Volition, Inc. og utgjeve avTHQ. Det er det fyrste spelet i Saints Row-serien og er etterfylgt avSaints Row 2.Saints Row vart gjeve ut i Nord-Amerika 29. august og i PAL-regionane 1. september 2006 påXbox 360. Ein port tilPlayStation 3 var planlagt, men vart kansellert etter ein lang periode under utvikling. Spelet fekk god mottaking frå kritikarar og selde vel over 2 millionar eksemplar,[1] som førte til utviklinga av oppfylgjaren.
Spelet går føre seg i Stilwater, ein fiktiv by basert på mellom annaDetroit andChicago, og byrjar med at hovudpersonen vert fanga midt i ein strid mellom tre rivaliserande bandar. Han vert redda av Julius Little og Troy Bradshaw, som fører 3rd Street Saints, ein bande som har til hovudmål å gjere ende på bandestriden som har prega gatene i Stilwater. Hovudpersonen takkar ja til ein posisjon i banden, og handlinga fylgjer han medan han hjelper Saints med å knekke dei andre bandane og få full kontroll over byen.
Saints Row er sett saman av element frå køyrespel og tredjepersons skytespel, og har ein speloppbygnad med ei open verd som gjev spelaren større kontroll over spelopplevinga. Spelet har ei mengd landbaserte våpen og køyretøy, og eit system som let ein tilpasse utsjånaden på hovudpersonen og køyretøya hans.Saints Row har også modi for fleirspel og eit nettbasert bandesystem.