Saint-Omer er ein by ogkommune nord iFrankrike. Han ersous-préfecture (administrasjonssenter) idepartementetPas-de-Calais iregionenHauts-de-France, og har om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg 68 km nordvest forLille. Byen er kalla opp etterSt. Audomare (Omer) (d. om lag670) som misjonerte i området.
Ved Saint-Omer byrjar ein kanalisert del av elvaAa, som munnar ut iNordsjøen vedGravelines. Elva er forbunde medNeufossé-kanalen, som endar opp iLys.
Omer, biskop av Thérouanne, oppretta eit kloster vigdheilage Bertin her på 600-talet.
På 800-talet voks landsbyen rundt klosteret og fekk namnet St. Omer.Normannarar jamna staden med jorda omkring 860 og 880, men ti år seinare hadde byen og klosteret fått bymur som verna dei frå vidare åtak.
Byen ligg i eit område som har vorte mykje kjempa om mellom franskmenn,Flandern,engelskmenn ogspanjolar. St. Omer var av den grunn mykje omleira og fleire gonger øydelagd. I1071 vartFilip I og grevArnulf III av Flandern slått ved St. Omer avRobert I av Flandern. I1127 fekk byen kommunestatus avWilliam Clito, greve av Flandern. I1340 vart det utkjempaeit stort slag her mellom den anglo-flamske hæren og den franske under leiing av hertugEudes IV av Burgund. Dei flamske styrkane vart tvungen til å trekke seg tilbake.
I1493 vart byen ein del avNederlanda under spansk styre. Franskmenna prøvde fleire gonger å vinne byen tilbake mellom 1551 og 1596, og igjen i 1638 (underkardinal Richelieu) og 1647. Men i1677, etter 17 dagar med omleiring, tvingaLudvig XIV byen til å overgje seg. Denne erobringa vart stadfesta iNijmegen-traktaten. I 1711 var Saint-Omer på nippet til å overgje seg til PrinsEugene av Savoie og hertugJohn Churchill av Marlborough på grunn av matmangel, men vart redda av ei modig Jacqueline Robin, som risikerte livet sitt med å føre forsyningar inn i byen.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Saint-Omer