Kart over stammer i Vest-SaharaSaharawiske kvinner demonstrerer mot muren som deler Vest-Sahara.
Saharawi (saharisk) vert brukt pånorsk for å skildre folket i territorietVest-Sahara, men kan også skildre alle som bur i Sahara. Omgrepet vert brukt både om ein person frå Vest-Sahara og om det saharawiske folket, som lever iMauritania og det sørlegeMarokko, i tillegg tilVest-Sahara. Fleirtalet av saharawiar bur i dag i dei saharawiske flyktningleirane iTindouf iAlgerie, grunna den marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara. Dei fleste snakkarhassaniyaforma avarabisk.
Det saharawiske folket er eitnomadefolk som for det meste har dreve med kameldrift, geitedrift og fisk. Kamelkjøtt, fisk, geitemelk og te er dei viktigaste delane i klassisk saharawisk mat.Te har ein veldig viktig plass i saharawisk kultur. Under ein teseremoni er det vanleg med tre glass te: Det første er bittert som livet, det andre søtt som kjærleiken og det tredje mildt som døden.
På grunn av okkupasjonen er det vanskeleg for saharawiane i flyktningleirane, og umogeleg for folk i det okkuperte Vest-Sahara å drive nomadekulturen vidare. Ein del av saharawiane i flyktningleirane reiser framleis ut i dei frigjorde områda i Vest-Sahara som nomadar om somrane. Dette gjer dei mest i området rundt Tifariti i den nordlegaste delen av dei frigjorde områda.