Saaremaa ellerÖsel (estisk:Saaremaa;svensk og eldretysk:Ösel; eldredansk:Øsel) er den størsteøya iEstland. Øya ligg iAustersjøen, sør for øyaHiiumaa. Saaremaa har eit areal på 2 673km². Administrasjonssentrum på øya er byenKuressaare med 15 000 innbyggjarar. Heile øya har om lag 39 000 innbyggjarar.
Arkeologiske funn viser at Saaremaa har vore busett i minst 5000 år. I dei gamle skandinaviskesogene vart øya kallaEysysla, som betyr det same som øyas estiske namn.
Deportasjon av tyskarar og russarar og utflytting av etniske svensker underden andre verdskrigen gjorde at folketalet på Saaremaa sokk med over 30 %, frå 56 000 i1939 til 38 000 i1945. Folketalet har halde seg relativt stabilt sidan.
Saaremaa har eit relativt mildt klima og variert jordsmonn, og øya har difor eit rikt planteliv. Om lag 40 % av øya er dekt av skog.
Av dyrelivet på Saaremaa ersel-bestanden viktig. Mange trekkfuglar rastar på øya om våren og hausten. Men Saaremaa og dei andre øyane har eit noko fattigare dyreliv enn fastlandet i Estland.
Ein spesiell attraksjon på øya erKaali-kratera, ei gruppe på nimeteor-krater som vart til for om lag 4000 år sidan. Det største av kratera er 110 meter i diameter og er fylt med vatn. Vatnet er kjent som Kaalisjøen (Kaali järv).
Saaremaa er ei ganske flat øy, og det høgaste punktet er berre 54moh.
FråVirtsu på fastlandet går detferje tilKuivastu på øyaMuhu, som er knytt saman med Saarema med ei vegfylling. Det går òg ferje mellomTriigi på Saarema ogSõru på øyaHiiumaa.
Det går rutebussar til Saaremaa fråTallinn,Pärnu ogTartu på fastlandet.
Planar om eit fast vegsamband til Saarema med antentunnel ellerbru er under utarbeiding. Prosjektet vil koste minst 175 millionareuro og tidlegast vere ferdig i2014.