Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Sør-Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilde av Sør-Asia.
Foto:NASA
Nepalsk nygift par viser ei blanding av tradisjonelleindiske klede og rituale, og nyare europeisk stil. Begge deler er vanleg i størsteparten av Sør-Asia.
Foto: Sigismund von Dobschütz

Sør-Asia er nemninga på den delen avAsia som omfattar land som hovudsakleg ligg pådet indiske subkontinentet;India,Bangladesh,Bhutan,Nepal,Pakistan og delar avAfghanistan, og øyane rundt;Sri Lanka ogMaldivane, og dei indiske øygruppeneAndamanane,Nikobarane ogLakkadivane. SidanBurma var del avBritisk India er også det nokre gonger rekna som del av Sør-Asia. I den SN-definerte regionen «Sørlege Asia» er ogsåIran teke med, i tillegg til landa som er nemnd over.[1] SN har skipa denne nemninga berre for statistiske føremål.[2]

Området har aldri vore eitt land, og det bur mange svært ulike folkegrupper der. Likevel finst det ei kjensle av fellesskap, som ein mellom anna kan sjå i utrrykket «desi», som tyder ‘frå landet [vårt] ’, og blir brukt flittig avden sørasiatiske diasporaen. «Sør-Asia» og «sørasiatisk» er nokså ny nemningar, tidlegare brukte ein gjerne «indisk» eller «austindisk». Dette ser ein til dømes i uttrykk somindisk mat, som gjerne viser til alle typar mat frå Sør-Asia, og som ofte blir servert i ein «indisk restaurant», også om eigaren til dømes er bangladeshar.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Sørasiatisk historie

Mohenjo-daroJinnah og GandhiAkash-missil

Steinalder70 000–3300 f.Kr.
Mehrgarhkulturen• 7000–3300 f.Kr.
Induskulturen3300–1700 f.Kr.
Sein harappakultur1700–1300 f.Kr.
Vedisk tid1500–500 f.Kr.
Jernalder1200–300 f.Kr.
Mahadjanapada• 700–300 f.Kr.
Magadhariket• 545–320 f.Kr.
Mauryariket• 321–184 f.Kr.
Mellomrika230 f.Kr.–1279
Satavahanariket• 230 f.Kr.–199 e.Kr.
Kusjanriket• 60–240
Guptariket•280–550
Palariket• 750–1174
Tsjolariket• 848–1070
Muslimske rike1206–1596
Delhi-sultanatet• 1206–1526
Dekkan-sultanat• 1490–1596
Hoysalariket1040–1346
Kakatiyariket1083–1323
Vidjayanagarariket1336–1565
Marathariket1674–1818
Mughalriket1526–1707
Sikh-samveldet1716–1849
Britisk India1858–1947
Delinga1947 og vidare

Sør-Asia var heimen for nokre av dei førstejordbrukskulturane og for fleire mektigeoldtidsrike. Gjennom historia har det blitt dekt av fleire store keisarrike, somMauryariket ogBritisk India, men det fanst også alltid fleire mindre, uavhengige statar.

Det eldstesteinalderfunna ein har gjort i Sør-Asia, som iSoandalen i noverande Pakistan, er datert som mellom 500 000 og 125 000 år gamle, medanMehrgarh frå7000-3200 f.Kr. er ein av dei eldste stadene i verda ein har funne spor etterjordbruk, bådeplantedyrking oghusdyrhald.[3]

Medan dei fleste menneska som heldt til i området på denne tida truleg taltedravidiske språk, vandra det mellom 1500 og 1200 f.Kr. inn stammefolk som talaindoariske språk. Desse tok med segvedisk kultur, derkua stod sentralt; språk som skulle bli tilhindi,urdu og fleire andre moderne sørasiatiske språk; og stod truleg også bakdet indiske kastesystemet. Fleire av dei grunnleggande trekka vedhinduismen var på plass.

På om lag 500-talet f.Kr. oppstod det to religionar med utgangspunkt i hinduisme;buddhismen ogdjainismen, mellom anna som reaksjon på den ritualiserte hinduismen. Desse skulle blir utbreidde til store delar av Asia før dei igjen i stor grad blei fortrengde frå Sør-Asia av ein omforma hinduisme.

Sør-Asia blei invadert av fleire hærar, først avAleksander den store i320-åra f.Kr., seinare avindogrekarar ogskytarar som grunnla kongerike. Samstundes voks innfødde rike somMaurya,Gupta i nord ogPallava ogTsjalukya.Tsjolariket, som voks fram på 900-talet, dekte store delar av Sør-India i tillegg tilMalayahalvøya ogindonesiske øyar.

Den førstemuslimske invasjonen av Sør-Asia fann stad iSind i712, medanPunjab ogPeshawar blei tekne på 900-talet. Frå 1000- til 1300-talet plyndramongolar nordlege område, medan andre muslimske krefter gradvis overvann rike her fram til grunnlegginga avMogulriket på 1500-talet gjorde muslimar til herskarar i store delar av området. Under desse vokssikhismen fram.

Sør-Asia var på sitt rikaste på 1700-talet, då det eksportertekrydder,tekstilar og verdigjenstandar somdiamantat.Mogulkeisarane herska då i nord ogmarathaene i vest og sør, menStorbritannia og andre europeiske land opprettakoloniar som stadig voks, og ende opp med å kontrollera området. Dei byrja å gje slepp frå midten av 1900-talet, dåSri Lanka fekk sjølvstende ogIndia ogPakistan (med det som seinare bleiBangladesh) blei oppretta gjennom den traumatiskedelinga av Britisk India, og blei gjevne eller tok over tidlegare sjølvstendige land og andre europeiske koloniar.Nepal ogBhutan fortsette å vera sjølvstendige.

Samfunn

[endre |endre wikiteksten]
LTTE-soldatar på Sri Lanka.
Foto: Ulf Larsen

Fleire av landa har uløyste politiske spørsmål.Sri Lanka har lidd under eietnisk konflikt mellomsingalesarar ogtamilar, medanNepal har opplevd lang tids borgarkrig mellom eit eineveldig monarki og ein kommunistisk gerilja. Både Bangladesh og Pakistan har i store delar av historia si vore undermilitærdiktatur, og har opplevd mykje politisk uro,korrupsjon og konfliktar medislamistiske grupper. Sjølv om India ofte blir kalla verdas størstedemokrati, føler store grupper seg marginaliserte, og sosial uro, valdelege demonstrasjonar, konfliktar mellom delstatar og folkegrupper, og til tider væpna opprør, har funne stad overalt i landet både før det blei til i 1947, og seinare.

Likevel finst det stor tru på demokrati og mogleik for betring, noko ein kan sjå gjennom stort politisk engasjement i partiarbeid, interesseorganisasjonar og demonstrasjonar av fredeleg karakter, rimeleg høg valdeltaking (rundt 60% ved parlamentsval i India) og forkasting av leiarar ein er misnøgde med, som indiskeIndira Gandhi ogKongresspartiet etter at ho hadde brotemenneskerettar og innførtunntakstilstand, ellerBJP-regjeringa tilA.B. Vajpayee etter at den økonomiske veksten i landet ikkje hadde råka dei fattige.

Landa i Sør-Asia samarbeider gjennomDen sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen (SAARC), som blei grunnlagd i 1985.Det britiske territoriet i Indiahavet, som geografisk er del av Sør-Asia, er ikkje med i organisasjonen.

Rekkehus og høghus iMumbai, ein megaby som huser både lutfattige og styrtrike.

Landa i Sør-Asia har lenge vore rekna somutviklingsland. Landa har låge nasjonalprodukt, med ei plassering av Pakistan, Bangladesh og Nepal på 129., 138. og 148. plass på ei liste over 179 land over BNP per innbyggjar.[4] Alle landa har store mengder fattige, og to av verdas størsteslumområde,Orangi Town i Pakistan ogDharavi i India, ligg her. I sterk kontrast finn mestorbyar ogteknologisenter, og ein økonomi i vekst. Til dømes voks det indiskebruttonasjonalproduktet med 7-8 % i 2000-åra, slik at landet hadde den tredje størstekjøpekraftspariteten i verda i 2007.[5]

Sør-Asia er kjend for å ha eit sterkt nærvær av religion. Gudstru og utøving er synleg over heile området gjennom bygg, symbol, utsjånad, seremoniar og opptog, ogdharma-religionanehinduismen,buddhismen ogdjainismen — står sterkt, men ein finn også mange som dyrkerabrahamittiske religionar, særlegislam, som har fått sitt eige sørasiatiske preg, tydeleg mellom anna i skikken medpilegrimsferder tilsufigraver.

I Sør-Asia finn ein størstedelen av verdashinduar og ein tredjedel av verdasmuslimar, men også synlege minoritetar frå alleverdsreligionane, og fleire innfødde tradisjonar. Kvart land har store religiøseminoritetar.Gjennom historia har område i Sør-Asia vore tilfluksstader forparsarar ogjødar, men det har òg funne stad store og valdelege konfliktar mellom religiøse grupper, særleg i samband meddelinga av Britisk India, men også tidlegare, til dømes i samband medmogulinvasjonane, der muslimske hærar plyndra og øydelahindutempel, ellerKrimikantha avTsjoladynastiet, einSjiva-dyrkar som forfølgdeVisjnu-tilhengjarar.

Innbyggjarar

[endre |endre wikiteksten]
Språkfamiliar i Sør-Asia. Grønt er indoarisk og blått er dravidisk.
For meir om geografi, sjådet indiske subkontinentet

Sør-Asia er eitt av dei tettast folkesette områda i verda. Det er heim til rundt 1,6 milliardar menneske, om lag ein fjerdedel av alle menneska i verda.Folketettleiken på 305 menneske per kvadratkilometer er over sju gonger større enn verdsgjennomsnittet. Samstundes finn ein også ville fjell, skogar ogørken her, der det bur få menneske.

Folk i Sør-Asia har mange fellestrekk, mellom anna når det gjeld arkitektur, klede, matkultur, religionsutøving og samfunnsordningar. Folk ordnar seg gjerne i «kaster», same kva religion dei høyrer til, og landsbyar over heile regionen har ei grad av sjølvstyre gjennom landsbyråd,pantsjajat.

Klede pynta med fargerike mønster, broderi og metall er vanlege, og finst i nokre basistypar som blir varierte over heile området. Store smykke, mellom annaarmringar ognaseringar, er utbreidde, og blir ofte laga igull, sjølv om ogsåsølv,glas ogplast kan brukast.

Kulturelle skilnader

[endre |endre wikiteksten]

Skilja mellom sørasiatar følgjer ikkje i første rekkje landegrensene, men regionar, og til ei viss grad dei åtskilte gruppene – «kastene» – som folk høyrer til, på tvers av geografien. Det viktigaste regionsskiljet går mellom nord og sør.

Forskjellar mellom sør og nord i Sør-Asia
SpråkFolk iSør-India og øyane iIndiahavet snakkar for det mestedravidiske språk, somtelugu,tamil,malayalam ogkannada. Dei indoariske språkasingalesisk ogdhivehi er unnatak.I Nord-India og dei tilstøytande landa snakkar ein hovudsaklegindoariske språk, som t.d.hindi,urdu,bengali,nepali,marathi,gujarati,sindi ogpanjabi. Mellom unnataka er deiiranske språkapasjto ogbalutsji ogsino-tibetanske språk somdzongkha.
MatDei har eit sværtrisbasert kosthald der det i tillegg til kokt ris gjerne blir servertdosai (‘pannekaker’) ogidli (‘komler’) laga av ris, ogkokos ogtamarind er viktige ingrediensar.Indisk filterkaffi er vanlegare ennte.I tillegg til ris erkveite i form av steiktebrød ein viktig del av kosthaldet, som ofte er mektigare enn det sørlege.Te er den viktigaste sosiale drikken.
KledeDet er vanleg for menn å gå medsarongaktige klede (lungi, vesjti ellermundu) med skjorte til, og kvinner bruker gjernesari utan å dekka til hovudet.Menn kan ha lendeklede (dhoti),turban, eller gå medkurta-drakter, men er vanlegvis kledde i skjorte og bukser. Kvinner i sari kan dekka til hovudet, anten heile tida, når dei er saman med eldre, eller i religiøse samanhengar.Salvar kamis er også utbreidd blant kvinner.
Religiøs utøvingHindutempel blir bygde med store, pynta og målagopuram-tak, og også kristne kyrkjer er fargerike.Hinduiske landsbygudar blir dyrka i større utstrekking i sør enn i nord, ogden ortodokse kyrkja har hatt fotfeste her sidan dei første hundreåra atter Kristus.Hindutempel har einsfarga tak medspir ogtempelflagg. Området har vore prega avislam i nokre område ogbuddhismen i andre; som begge fortsatt er utbreidde, i tillegg til denPunjab-basertesikhismen.
Historisk påverknadSørlege rike somTsjola ogTsjalukia har herska over området, som hovudsakleg har orientert seg sjøvegen motIndonesia ogMalaysia i sør og aust, og mot Afrika og til tider også Europa.Kongedøme somMogul- ogGuptariket har styrt over området, som har vore orientert mot og påverka avgresk,persisk,tyrkisk ogarabisk kultur frå nord og vest.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • The Timechart History of India (Robert Frederick Ltd., 2005)
  1. «Composition of macro geographical (continental) regions, geographical sub-regions, and selected economic and other groupings» (Sameinte Nasjonar, 2007)
  2. «Standard Country or Area Codes for Statistical Use». Millenniumindicators.un.org. Henta 25. august 2012.  Sitat: «The assignment of countries or areas to specific groupings is for statistical convenience and does not imply any assumption regarding political or other affiliation of countries or territories by the United Nations.»
  3. K. Kris Hirst:«Soan Valley»Arkivert 2007-10-23 vedWayback Machine. og«Mehrgarh (Pakistan)» (about.com)
  4. Engelsk Wikipedia:«List of countries by GDP (PPP) per capita». Date of last revision: 9 October 2007 19:54 UTC. Page Version ID: 163398381, som oppgjevdet internasjonale pengefondet som kjelde.
  5. http://indiaonestop.com/economy-macro-view.htm og Engelsk Wikipedia:«Economy of India». Page Version ID: 164002323.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Sør-Asia&oldid=3587429»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp