Ryggstrengdyr (Chordata) er eidyrerekkje som omfattarvirveldyr og dei nærmastevirvellause slektningane,kappedyr oglansettfiskar. Av utdøydde representantar kanconodontane nemnast.
Ryggstrengdyra har namnet sitt etterryggstrengen (chorda dorsalis ellernotokord). Dette er ein elastisk støttestav som ligg overtarmkanalen. Funksjonen er sannsynlegvis å halde lengda til dyret konstant under rørsle, noko som kan forklare korfor ringmuskellaget (som oppstod i stamarten tilbilateriane) gjekk tapt, i og med at dette muskellaget hadde same funksjon. Ryggstrengen er hos pattedyr berre bevart som små væskefylte «puter» i brusken imellomvirvelskivene. Over ryggstrengen liggryggmergen, som på dette stadiet blir kallanevralrøyret, fordi det bli danna som eit einskilt væskefylt røyr. Opphavet til dette røyret er usikker, men ein teori går ut på at røyret har opphavet sitt i ei fjern larveform kledd med ciliehår. Med unntak av einskildehemichordatar er dette eit trekk ryggstrengdyra er åleine om, og som har gjort ei sterk utvikling av nervesystemet mogleg.
Ryggstrengdyr deler nok ein eigenskap med dei fleste hemichordatar, men ingen andre nolevande dyr, Det er eingjelletarm med gjellespalter. Korleis gjelletarmen oppstod, er ikkje kjent, men før han tok til å ta seg avgassutvekslinga mellom dyret og omgjevnaden som ein tilleggsfunksjon, var rolla å filtrere vatnet for næringspartiklar. Dette tyder på eit levesett som viser at forfedrane til ryggstrengdyra stort sett levde som passive filtrerarer. Dette gjeld truleg for heile stamforma tildeuterostomiane. Hos einskilde ryggstrengdyr finst det ei innvendig bukfure ventralt i gjelletarmen,endostyl. Det er ei ciliekledd og slimproduserande renne som speler ei viktig rolle ved filtreringa av partiklar frå vatnet. Hoshemichordatane har nokre artar ei byrjing på denne strukturen, som er fullt til stades hoskappedyra oglansettfiskane. Også hosniaugelarver finst det ein tilsvarande struktur, men det er ikkje heilt sikkert om dette er eit opphavleg trekk eller om det har oppstått sekundært. I alle fall viser den felles funksjonen av denne bukfura hos såpass ulike grupper at ho er eit opphavleg trekk ved bygningen til ryggstrengdyra. Hos resten av medlemmene av Chordata er denne anatomiske detaljen blitt vidareutvikla tilskjoldbruskkjertelen.
Ein annan særmerkt eigenskap ved ryggstrengdyra er atanatomien er snudd opp–ned i høve til andrebilaterale dyr. Dette gjer at nervesystemet ligg på ryggsida og blodkarsystemet på buksida, stikk motsett av kva som er tilfellet hos andre dyr. Ei mogleg forklaring er at einstamart ein gong i fjern fortid tok til å leve «med buken i veret», utan at det er kjent korfor.