Ruth Smith | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 5. april 1913 Vágur |
Død | 26. mai 1958 (45 år) |
Yrke | kunstmålar |
Ektefelle | Poul Morell Nielsen |
Ruth Smith på Commons |
Ruth Smith Nielsen (5. april1913–26. mai1958) var einfærøyskmålar kjend somRuth Smith.
Smith var fødd i Vágur påSuðuroy.
Ho budde iKøbenhavn frå 1930 til 1948, og utdanna seg ved Høyers tegneskole og Malarskulen til kunstakademiet. Ho er blitt omtalt som den betydelegaste færøyske koloristen, og naut stor heider frå læraren sinAksel Jørgensen. Ho var svært sjølvkritisk i verka sine.
I 1945 gifta Ruth Smith seg med arkitekten Poul Morell Nielsen. Dei fekk to barn, Leif i 1947 og Louis i 1952. Familien budde i København og i Lemvig ved Limfjorden. I denne perioden måla Smith hovudsakleg bymotiv frå København og landskabsbileter frå den jyske vestkysten. I en overgang i 1947-48 måla ho glas påHolmegaards Glasværk.
I 1949 flytta familien til Færøyane og slo seg ned i Vágur, der Smith måla og teikna folk og nærmiljøet i Vágur og omegn. I 1957 flytta dei inn i eit sjølvbygd hus med atelier i den vesle bygda Nes mellem Vágur og Porkeri. Heile vinteren 1957-58 arbeidde Smith hektisk med måleri. Ho heldt ei separatutstilling iTórshavn i 1959.
Ho døydde 45 år gammal på ein einsam symjetur iVágsfjørður ved Nes.
Det finst verk av henne iListasavn Føroya, Ruth Smith savnið i Vágur og iFøroya Banki.
I 2007 blei det halde ei retropektiv utstilling på Listasavn Føroya og på museet for religiøs Kunst i Lemvig.