Rut (hebraiskרוּת,Rûṯ;gresk Ῥούθ,Rhoúth) er hovudpersonen iRuts bok iBibelen.[1] Ho var fråMoab, men gjekk over tilisraelittane sin religion. Kvinnenavmet Rut ellerRuth erhebraisk og kjem truleg frå eit ord for «lagkamerat» eller «ven».
Ruth og Noomi. Europeisk illustrasjon frå 1500-talet.Rut og Boas. Penneteikning avRembrandt.
Rut ogOrpa var to moabittiske kvinner som var gifte med dei israelittiske brørneMahlon ogKiljon, som var søner avElimelek ogNoomi. Begge brørne døydde ganske tidleg. Då ville Noomi, som allereie varenkje, venda heim tilJuda og bad svigerdøtrene om å dra tilbake til familiane sine. Orpa drog til slutt av stad, men Rut nekta og sa: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:[2]
Der du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud.
Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg bli gravlagd.
Rut og Noomi levde eit fattig liv i Israel. Dei overlevde ved at Rut plukka kornaks som låg igjen etter onna. Ein dag medan ho gjorde dette blei ho lagt merke til avBoas, som eigde åkeren og var i slekt med Noomi. Rut blei oppfordra av svigermor si til å nærnma seg Boas, og etter ei tid blei dei to gifte. Dei fekk sonenObed, og Rut blei dermed stammor til blant andre kongDavid.