Den russiske føderasjonen eller berreRussland (russisk:Российская Федерация,Rossijskaja Federatsija ellerРоссия,Rossija) er eit land i det austlegeEuropa og nordlegeAsia. Storleiken er 17075200km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010.[1] Den noverande staten Russland oppstod25. desember1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløysteSovjetunionen.
Russland er det største landet i verda iareal, det strekkjer seg frå grensa motNoreg ogFinland i nordvest tilBeringsundet i nordaust, frå grensene motBaltikum,Kviterussland ogUkraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa motNord-Korea og det nordlegeStillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, dengeografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedeneUral ogKaukasus.
Politisk er Russland ein asymmetriskføderasjon, dvs at dei 84føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråketrussisk er eit av deiindo-europeiske språka.
Russland er det største landet i areal i verda, og omfattar nesten ein tredel av deteurasiske kontinentet. Grensa mellom den europeiske og asiatiske delen av landet går ved fjellkjedaUral. Den europeiske delen, vest for Ural, utgjer om lag 23% av arealet. Den asiatisk delen, aust for Ural, vert òg kallaSibir. Det nordlegaste punktet i Russland,Kapp Fligeli på øygruppaFrans Josefs land ligg på 81°51’ nord. Det austlegaste punktet, på den vestlegaste av dei toDiomedesøyane, ligg på 169°0’ aust, tre kilometer fråamerikansk territorium på den austlegaste av Diomedsøyane. Det sørlegaste punktet ligg ved grensa til Aserbajdsjan, og det vestlegaste ved grensa til Polen. Russland strekkjer seg 4000 kilometer frå nord til sør, og 10 000 kilometer frå vest til aust.
Som det største landet i verda omfattar Russland mange ulike landskapstypar, og stor geografisk variasjon. I den europeiske delen, og vest i Sibir, ligg store sletteland. Enorme område består avtaiga ogtundra. Store delar av landet harpermafrost. Store fjellområde finn ein i Ural, aust i Sibir og iKaukasus ved sørgrensa i Europa.
Russland er eit av landa som har grense til den største innsjøen i verda,Kaspihavet. I Russland ligg den djupaste innsjøen i verda,Bajkalsjøen, det høgste fjellet i Europa,Elbrus, den lengste elva i Europa,Volga og den største innsjøen i Europa,Ladoga. Fire av dei ti lengste elvene i verda renn gjennom den asiatisk delen av Russland:Jenisej,Ob,Amur ogLena. Den største øya i Russland erSakhalin utanfor austkysten.
Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20°C om sommaren, og ein kan til og med få enkeltehetebølgjer.Torebygene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlegesteppene. Ein kan ha periodar med lettregn ellersnø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000mm er kysten avStillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.
Deneuropeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft fråAtlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust forUralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20°C varmare. Likevel vil dei fleste områda avSibir kome under -40°C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer atmoskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer.
Russiske tropper paraderer under en 9.mai-feiring. Den såkalteSeiersdagen, som minnast avslutninga avandre verdenskrig, nyttast til store militærparadar i Russland
Det russiske forsvaret har dei tre forsvarsgreineneHæren,Marinen ogRusslands luft- og romforsvar. I tillegg kjemDei strategiske rakettstyrkane, ogDei russiske luftlandestyrkane, som har ei uavhengig stilling og ikkje er underlagt forsvarsgreinene. Forsvaret er organisert underForsvarsdepartementet i Russland, med Russlands president som øvstkommanderande. Russland harverneplikt, der menn har pliktteneste i eitt år og kallast inn i løpet av alderen 18 til 27 år. Dei årlege forsvarsutgiftene utgjer 3,9% avBNP.[2] Det er stadig minkande mannskap i det russiske forsvaret; medan forsvarsstyrkane i 1992 talde 2,8 millionar mann, gjekk talet ned til 1,2 millionar i 1999 og til850 000 i 2003.[3]
Nevningarusskij («russar») vert brukt om etniske russarar, om dei bur i Russland eller ikkje, medan ordetrossijanin omfattar alle borgarar av Russland («russlendingar»). Ved folketeljinga i 2010 var 77,7% av innbyggjarane i Russland etniskerussarar, ein nedgang frå 79,8% i 2002. Resten av folkesetnaden utgjorde opptil 160 ulike minoritetsgrupper. Dei største var:[1]
Det er hevda at den russiske tenkjemåten og mentaliteten skil seg generelt frå den vesteuropeiske på grunnleggjande vis, og at folk med vestleg bakgrunn difor ikkje utan vidare vil kunne skjøne seg på russisk religiøsitet, samfunnstilhøve og politiske prosessar.[4]
Det vert tala over 100 ulike språk i Russland. Dei fleste språka er med i den indoeuropeiske, altaiske, uralske, kaukasiske eller paleoasiatiske språkfamilien. Om lag 92% av folketalet, 130 millionar menneske, harrussisk som morsmål. Russisk er òg offisielt språk i Den russiske føderasjonen. Mange av dei enkelte føderasjonssubjekta gir òg offisiell status til eitt eller fleire andre språk. Folketeljinga i 2002 talde kor mange som meistra andre språk enn russisk, men registrerte ikkje om dette var som morsmål eller andrespråk, difor kjem òg vesteuropeiske språk med på lista:[5]
Tradisjonelt har russarane vorerussisk-ortodokse kristne. Ortodoks kristendom var statsreligion fram til revolusjonen i 1917, etter at storfyrsten,Vladimir I av Kiev, konverterte til kristendommen i988. Mange folkeslag som vart underlagt det russiske imperiet konverterte òg til ortodoks kristendom, men mange, særskiltmuslimske folkeslag, heldt fast ved den gamle religionen sin. Ei lov frå 1997 definerte kristendom, islam, buddhisme og jødedom som del av Russland si historiske arv.
Det finst i dag ikkje offisiell statistikk over talet på truande for ulike religionar i Russland, men etter overslag midt på 1990-talet var om lag 50% av folket ikkje truande. 30-40% varrussisk-ortodokse kristne. Ei undersøking i 2007 fann at 63% av folket såg seg sjølv som ortodokse kristne.
Talet på muslimar vert vurdert til mellom 10 og 20 millionar. Fleire av folkeslaga langs Volga, t.d.tatarar ogbasjkirar, og i Nord-Kaukasus, t.d.tsjetsjenarar, er tradisjonelt muslimar. Det finst over 6000 moskear i Russland.
Burjatar,tuvinarar ogkalmykar er tradisjoneltbuddhistar. Russlands buddhistiske samband vurderer talet buddhistar til mellom 1,5 og 2 millionar.
Ved folketeljinga i 2002 oppgav om lag 230 000 personarjødisk nasjonalitet. Dei fleste jødane i Russland er sekulariserte. Eit stort tal jødar har utvandra tilIsrael dei siste tiåra. Det finst om lag 70 synagogar i Russland.
Russland er einføderal,presidentstyrt republikk. Føderasjonen består av 84 føderasjonssubjekt. Landet vert styrt etter grunnlova som vart vedtatt12. desember1993. Statsleiaren erpresidenten, som vert vald for fire år om gongen ved allmenne val. Førre val var den2. mars2008, dåDmitrij Anatoljevitsj Medvedev vart vald til sin første presidentperiode. Presidenten kan ikkje stille til val meir enn to gonger på rad. Presidenten har store fullmakter. Han styrer utanrikspolitikken, og er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Presidenten utnemner statsministeren, som må godkjennast av nasjonalforsamlinga,dumaen. Om presidenten fell frå, vert statsministeren fungerande president.
Under Vladimir Putin sin presidentperiode (frå2000 til 2008) vart forholda for opposisjonen i Russland vanskelegare. Den liberale opposisjonen boikotta presidentvalet i 2004. Parlamentsvalet i 2007 vart rekna som ufritt og manipulert av internasjonale observatørar, og det same gjaldt presidentvalet i 2008. Manipuleringa var mest tydeleg i enkelte av dei føderale republikkane - Sameint Russland fekk, etter dei offisielle resultata, over 99% av røystene i republikkaneTsjetsjenia ogIngusjetia.
Føderasjonssubjekta fekk mindre sjølvstyre under Putin. Seks lite folkesette føderasjonssubjekt har blitt slått saman med naboområde, slik at talet på føderasjonssubjekt i mai 2008 er 83. Russland har vorte kalla ein asymmetrisk føderasjon, dette tyder at graden av sjølvstyre varierer mellom føderasjonssubjekta. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som er oppretta for ein eller fleire etniske minoritetar. Alle føderasjonssubjekta har eit parlament og ei regjering. Leiarane av republikken har tittelen president. Etter2004 er ikkje desse leiarane lenger folkevalde, men vert utpeika av Russlands president. Dei må så godkjennast av det regionale parlamentet. Russland er òg delt inn i sjuføderale distrikt. Leiaren av desse vert utpeika av Russlands president, og skal sjå til at føderasjonssubjekta fylgjer grunnlova.
↑Den russiske idéverda og tilhøyrande problemstillingar er det gjort greie for i til dømes den russiske idéhistorikarenNikolaj Berdjajevs bokDen russiske idé og nordmannenPeter Normann Waages bokRussland er sitt eget sted.
Menon, Rajan (2004). «Leaders, structural conditions, and Russia's foreign policy». I Brudny, Yitzhak; Frankel, Jonathan; Hoffman Stefani.Restructuring Post-Communist Russia. Cambridge University Press.ISBN9780521840279. CS1 maint: Multiple names: editors list (link)
Berdjajev, Nikolaj. 2012.Den russiske idé:Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Omsett til norsk av Torgeir Bøhler, innleiing av Pål Kolstø, personregister og forklårande notar. Oslo 2012: Solum Forlag.ISBN 978-82-560-1704-1
Waage, Peter Normann,Russland er sitt eget sted:streker til et lands biografi. [Oslo] 2012: Arneberg Forlag.ISBN 978-82-8220-036-3
1 Okkupert og annektert av Russland i 2014.Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.2 Okkupert og annektert av Russland i 2022. Anerkjent som russisk territorium av Russland,Syria ogNord-Korea. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.