| Russenorsk | ||
| Klassifisering: | Indoeuropeisk Pidginspråk | |
| Bruk | ||
| Område: | Nord-Noreg | |
| Utdøydd: | 1900-talet | |
| Språkkodar | ||
| Glottolog: | russ1267 | |
Russenorsk var eitpidginspråk som førførste verdskrigen vart brukt somhjelpespråk ihandelen mellomNord-Noreg og Nordvest-Russland (særlegKolahalvøya). Språket var ei blanding av i hovudsaknorsk (særleg nordnorske dialektar) ogrussisk. Om lag 400 ord er bevart av språket, det meste er samtalar mellom ein nordmann og ein russar der dei diskuterer prisar, handel, vêr og vind og familieliv.
Ei sentral hypotese innanfor moderne pidginspråkforsking har vore at grunnen til at alle pidginspråk er så like, er at alle harportugisisk som eit sentralt kjeldespråk. Russenorsk var relevant for denne debatten, i og med at språket har dei same karakteristiske draga som andre pidginspråk, men utan at portugisisk ligg til grunn.
Russenorsk var samansett av omtrent like mykje norsk som russisk (ca. 50 % av orda frå norsk, 40 % frå russisk), men hadde også lånord fråsvensk,tysk,fransk,engelsk og andre språk. Nordmennene trudde at dei snakka russisk, og russarane trudde dei snakka norsk. Då norske forretningsmenn tok til å sende barna sine tilArkhangelsk for å studere russisk, mot slutten av 1800-talet, mista russenorsk ein del av statusen sin, og vart meir brukt av vanlege folk.
Russenorsk har ein enkel grammatikk. Den einastepreposisjonen er «på», som naturleg nok har mange bruksområde. Suffikset «-om» dannar verb verb, f.eks.kopom (kjøpe),drikkom (drikke) ogslipom (sove). Som i russisk bruker ikkje russenorskkopula (hjelpeverbet «vere» i presens).