Curling-utøvarar i rullestol underparalympics iCanada i 2010Teikn som markerar stad, toalett, plass eller anna som er lagt til rette eller reservert for rullestolbrukarar og andre som særleg treng det
Rullestol erfargreier forma somstolar medhjul som blir brukte av dei som har vanskar med å gå for å flytta seg. Det finst manuelle rullestolar, som brukaren sjølv eller ein hjelpar kan driva fram med hendene, og elektriske rullestolar, som har ein motor driven av eit oppladbart batteri.
Personar som har problem både med å sitja og å gå, brukar som regel eiliggetralle. Understellet er som på ein rullestol, men over hjula er det ein benk i staden for eit sete.
Det er gjort mykje mange stader, men ikkje nok, for at rullestolbrukarar skal kunne kome seg fram uhindra.Fortauskantar er senka og jamna ut, så det skal vere lettare å kome seg ned og opp på fortaua etter å ha kryssa gater. Det er laga skråplan og ramper, sett opptrappeheisar opp til inngangsdørar, og innandørs, der det elles ikkje ville ha vore til å kome seg fram. På bussar og trikkar er det låge golv og/eller mobile ramper som gjer det mogleg å køyre inn med tunge, elektriske rullestolar. Toalett på offentlege stader, i restaurantar og liknande, er utforma for bruk av rullestol.
Elektrisk rullestol med oppladbart batteri
Rullestolrampe framfor eit rådhus i ein småby iFrankrike
Moderne bussar og trikkar har ofte rullestolramper i ei eller fleire av dørene, eller det er lagt til rett for å køyre rett inn, til dømes på toga påT-banen iOslo ogBybanen iBergen
T-banen i Oslo har inngangsdører i nivå med perrongane, og vanlegvis ikkje større gap mellom vogn og perrong enn at elektrisk rullestol kan køyrast inn og ut