Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ruin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klosterruinen på Tautra

Ruinar er leivningane av menneskeskaptarkitektur, altså bygningar som ein gong var heile, men som er blitt heilt eller delvis øydelagde av menneske eller har forfalle på grunn av vêr, naturkatastrofar eller mangel på vedlikehald. Det finst berømte ruinar over heile verda, frå antikke byar iKina,Indusdalen ogJudea tilZimbabwe i Afrika, frå antikke greske, egyptiske og romerske stader rundtMiddelhavet tilInka- ogMaya-busetjingar i Sør- og Mellom-Amerika.

Ruinar er ei viktig kjelde til kunnskap for arkeologar, historikarar og antropologar. Utover å visa byggeskikk kan ruinar òg fortelja mykje om levestandarden, og dei kan romma døme på kunst frå ulike periodar. Mange ruinar er tekne med påUNESCO si verdsarvliste, og blir rekna som viktige delar av kulturarva.

Kjelder til fortida

[endre |endre wikiteksten]
Colosseum: Gangane under arenaen.

Mange av bygga er rekonstruert og reparerte, medan andre får lov å stå som dei er. Nokre ruinar er blitt verna gjennom å ha blitt dekka av oske frå vulkanutbrot eller under leirskred. Stadar somPompeii ogTroja er gravne ut igjen og framstår som hermetiske tidsbilete.

Av moderne ruinar skil kyrkjeresten som stod på nullpunktet tilatombomba overHiroshima,Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche iBerlin ogdomkyrkja i Coventry seg ut som dei mest markante døma.

Etymologi og avgrensing

[endre |endre wikiteksten]
Ruin i Skottland

Om noko er ein «ruin» er detetymologisk «noko som har falle ned». Forgjengaren til ordet er detlatinske ruare (falla, smuldra, kollapsa) som gjekk vidare til substantivet ruïna (falla) og derfrå blei overlevert til engelsk via gammalfranskruine og første gong attestert i tyding «leivningar av ein forfallen bygning eller by» frå1454. Ruin er eit norsk lånord, og det har kome til Noreg frå anten fransk eller engelsk, sannsynlegvis det siste.

Grensa for kva tid noko kan kallast ein ruin er vanskeleg å definera. På den eine sida har ein bygningar som er forfalne, men som like fullt er i bruk og som dermed er grensetilfelle. Normalt vil ein avgrensa dette ved å seia at dersom det under nokoleis normale tilhøve ikkje er mogleg å opphalda seg der over tid er det ein ruin. På den ansre side har ein bygningar som er så øydelagd at det nesten ikkje er noko tilbake; her vil grensa normalt definerast ut frå om det er mogleg å sjå nokon trekk ved bygningen, eller om det berre er ein steinur eller ein haug murbrokkar. Med andre ord, ein ruin er ubebueleg eller ubrukeleg under elles normale tilhøve, men samstundes slik at ein kan sjå at det eingong har vore eit menneskeskapt byggverk.

Ruinar i kunsten

[endre |endre wikiteksten]
Caspar David Friedrich,Junotempelet iAgrigent (1830).

Ruinar er blitt brukt i kunst, spesielt i visuell kunst. Ein periode ikunsthistoria,romantikken, var ein spesielt oppteken av ruinar, for å symbolisera tilbakegang eller forfall. Kunstgrepet er òg vanleg i dag ifilm ogfjernsyn.

Ein namnlausangelsaksisk poet skreiv ein gong på700-talet eit dikt, no delvis verna iExeter-boka, som heiterRuinen. Forfattaren skildrar restane av ein romersk by som kan veraAquae Sulis ved dagensBath iEngland. Diktaren har augesynleg vandra i restane av byen og undra seg: Bygningane i byen har falle saman, verker til kjemper har smuldra, forfallen er det ruinerte hustaket til tårna, og brote i stykke er den stripa gata, frost i mørtelen, alle taka gapar, istykkerrivne og samansøkkte og etne av elda.[1] Kanskje like mykje som å vera ei skildring av øydelagte bygningar, ruinar, er diktet òg ei åtvaring mot at samfunnet står i fare for å gå under viss folkesetnaden vier seg til hedonisme og materialisme.

Medrenessansen (1500-talet) gjenoppdaget Vest-Europaantikken, blant anna gjennom ruinane iRoma,som det enno imponerandeForum Romanum. I fleire hundre år valfarta kunstnarar til den gamle europeiske hovudstaden for å knyta samband tilbake til fortida. Medrasjonalismen tilopplysingstida og seinareden industrielle revolusjonen med den urbane ureininga vende fleire seg tilbake til den «gylne tidsalderen»mellomaldere som ei meir åndeleg tid.

Stilretninganygotikken fekk ulike uttrykksformer i delar av Europa der ein inspirert av gotikken gjeninnførte nokre gotiske stiltrekk. ITyskland ogFrankrike førte det til at ein restaurerte gamle slott og domkyrkjer. IEngland der nygotikken stod sterkast blei han på byrjinga av1800-talet iromantikken manifestert i urbane landskapshagar der det sentimentale fann uttrykk i greske tempel, kinesiske lysthus, gotiske bygningar og ikkje minst dekorativekunstige ruinar ellerfollies side ved side.

I 1799 skreiv den italienske forfattarenErcole Silva fråMilano iThe Art of the English Garden at slike ruinar som nemnt over «kalla tilbake ei fortid og vekte ei kjensle av medynk delt med melankoli». Ruinar hadde blitt ei form for etterleivning ogrelikvie som kunne framkalla ei kjensle av ei tapt fortid. Nygotikken var ikkje interessert i dei klassiskeestetiske prinsippa, men i dei tankane og kjenslene som blei vekte via assosiasjonar og antydingar. Såleis kunne ein byggja ein falsk ruin som var ven og behageleg for auget.[2]

Talrike ruinar av festningar, slott og klosterbygningar fekk utover 1800-talet ei særskilt symbolsk meining. Romantiske kunstnarar som blant annaCaspar David Friedrich var tiltrekt og uttrykte dei i kunsten. Ruinen avDunstanburgh Castle i England inspirerteTurner til fleire måleri.

Domkyrkjeruinane på Hamar med vernebygget.

Dagens ruinar kan vernast, noko som òg har skapt debatt. Dagensdomkyrkjeruinar på Hamar er blitt omgjevne av ein moderne, monumental glasbygning som lukkar ruinane inne. Det har fått det heile til å framstå som einhybrid mellom ruinar og ein moderneskulptur.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Oversettelsen er gjort av Wikipedia.
  2. Neoclassicism and Romanticism: Gothic Revival
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ruin&oldid=3522740»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp