Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Roy Keane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roy Keane


StatsborgarskapIrland
Fødd10. august1971 (53 år)
Cork
Idrettfotball
Tok del iVM i fotball 2002,VM i fotball 1994
UtmerkingarEnglish Football Hall of Fame

Roy Maurice Keane (fødd 10. august 1971) er ein irsk tidlegare fotballspelar fråCork. Han er framom alt kjend for sine 11 suksessfulle år som midtbanespelar forManchester United. Åra 1994-2004 var han med om å vinneMeisterligaen 1999, sju ligatitlar og fireFA-cupfinalar forManchester-klubben. Keane var ein drivande, tevlingssterk og aggressiv spelar med stor arbeidskapasitet.

Klubbspel

[endre |endre wikiteksten]

Keane spelte påNottingham Forest frå 1990 til klubben i 1993 rykte ned til nivå to i det engelske ligasystemet. Sommaren 1993 vart han overført til Manchester United for ein nasjonal rekordsum. Allereie våren 1994 kunne han glede seg over dobbeltriumf med United, triumf iligaen og siger i FA-cupen. To år seinare kopierte Keane og Manchester United dobbeltsigeren. Etter ligapokal nummer tre i 1997, kom høgdepunkta tett i mai 1999. I løpet av to veker sanka Manchester United tre pokalar, fyrst tok laget heim ligameisterskapen, deretter vart det 2-0-siger overNewcastle United iFA-cupfinalen og til sist siger 2-1 motBayern München i meisterligafinalen. Keane måtte gå av bana med skade etter få minuttar i FA-cupfinalen, medan han var suspendert i meisterligafinalen. Som lagkaptein frå 1997 førte Keane klubben til tre nye ligatitlar etter 1999, før han avslutta sigersrekka medFA-cuptriumf i 2004. I sin siste storkamp for Manchester United, FA-cupfinalen 2005, måtte Keane sjå atArsenal FC kneip pokalen, etter straffesparktevling. I desember 2005 fekk Keane kontrakt med skotskeCeltic FC. MedGlasgow-klubben vann han den skotske serien i 2006, utan å ha vist gammal styrke. Han la opp ved sesongslutt.

Keane vert også hugsa for å ha sparka nedManchester City-spelarenAlf Inge Håland bakfrå i ein ligakamp i 2001.

Landslagsspel

[endre |endre wikiteksten]

Keane spelte 67 landskampar forIrland i tida 1991-2005. Han spelte alle fire kampane til laget underVM i fotball 1994, og var med i VM-troppa 2002. Før meisterskapen kom i gang, uttrykte han misnøye med landslagssjefen, Mick McCarthy, og vart send heim. Åra 1997-2002 var Keane kaptein på laget i 21 kampar. Han skåra 9 landslagsmål.

Merittar

[endre |endre wikiteksten]
  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1994, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1994, 1996, 1999, 2004 med Manchester United
  • Skotsk ligameister: 2006 med Celtic FC
  • Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest og 1995 med Manchester United
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1992 Nottingham Forest og 1994 med Manchester United

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Det irske flagget
Det irske flagget
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Roy_Keane&oldid=3558493»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp