Malaybjørn er eit asiatisk rovpattedyr.Kvalross er eit polart rovpattedyr.
Rovpattedyr ellerrovdyr (Carnivora) er ein orden avpattedyr[1] som hovudsakleg jagar og et andre dyr. Det finst om lag 260 slag rovpattedyr. Alle stammer frå eitt dyreslag, kallaMiacis, som levde for om lag 50 millionar år sidan. Dei har liknandehovudform, rundt med ein kjegleformasnute og tydelegehjørnetenner ogrovtenner.
Tidlegare pleide ein å dela rovpattedyra inn i tounderordenar,Fissipedia, eller dei som stort sett levde på land, ogPinnipedia, av kjøtetandehavpattedyr. Nyare klassifiseringssystem som ser meir på detgenetiske slektskapet mellom dyra har delt dei inn i to nye grupper, katteaktige rovpattedyr (Feliformia) og hundeaktige rovpattedyr (Caniformia).
Dei fleste rovpattedyra er som sagtkjøtetarar, men mange kan òg ta til seg annan kost.[2]Kjempepandaen et berreplantar. Fordelen med å eta kjøt er at dei utnyttar ei nisje av næringsrikebytte. Ulempa er at å fanga og drepa desse dyra krev mykje energi. Rovdyra må altså alltid vurdera om det å jaga eit byttedyr vil føra til at det vinn eller tapar energi.
Det er ganske sjeldan atrovdyr jagar andre rovdyr. For det første finst det alltid færre kjøtetarar enn planteetarar i eit område, og for det andre er rovdyr utstyrte til å forsvara seg. For mange rovdyr kan sjølv småskader vera livstrugande, ettersom dei hindrar dyra frå å jakta.