Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Roroskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen kan ha godt av einspråkvask. Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Eit skip med baugport (MS «Christian IV» iKristiansand 2006).

Eitroroskip (fokorting forroll-on–roll-off) er ei nemning på ein skipstype som har ein konstruksjon der rullande last kan køyrast ifrå kaia og direkte ombord og av skipet igjen. Det kan vera bilar, lastebilar, bussar, båtar på hengar, anleggsmaskiner, jernbanevogner, – men òg stykkgods som vert lasta med gaffeltruck eller ved hjelp av ein trailer og då ofte i kombinasjon med gaffeltruck. Dette kan gjelda ferjer så vel som reine lasteskip.Bilferjer kan òg definerast som roroskip.

Ein dobbel akterport.

Tidlegare hadde enkelte tilfelle av denneskipstypen store portar i baugen som gjekk nesten ned til vasslinja. Denne typen er vurdert som ein risikabel konstruksjon. Dersom porten vart utett og vann trong seg inn i lasterommet, vil det i sjøgang samla seg vatn på dekket som raskt kan flytta seg frå side til side og skapa ustabilitet med ein mogleg kantring sin-konsekvens. Dette skjedde med MV «Princess Victoria» i1953 der 132 menneske omkom, MS «Herald of Free Enterprise» i1987 der 193 menneske omkom og «Estonia» i1994 der 852 menneske omkom.

På nyare roroskip er rampen plassert atter på skipet, og nokon skip har sideramper.

Bilskip

[endre |endre wikiteksten]

Bilskip eller bilfrakteskip er ei form for roroskip som vert hovudsakleg brukt for å transportera nye bilar frå bilprodusenter til bilmarkedene i dei ulike landa rundt i verda.[1]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. VG (6. februar 2009):Bilskip blir flytende parkeringshus, hentet 23. februar 2012
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Roroskip&oldid=3040025»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp