Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ror

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skipsror og -propell

Ror er ei styreinnretting forfartøy med blad eller eivenge festa til ei aksling. Ein kan bruka ror til å endra retningen til eikraft ivæske ellergass. Ein finn ror påbåtar,skip ogfly.

Rortypar

[endre |endre wikiteksten]

Skipsror

[endre |endre wikiteksten]

Frå gammalt av var roret på fartøy festa påstyrbord side nesten bakerst på fartøyet, eitsideror. Dette var til dømes vanleg påvikingskip.[1]Sideror må ikkje forvekslast med eistyreåre. Sideroret var eit verkeleg ror som dreide rundt ein fast akse gjennom roret, i motsetning til ei åre, som dreier rundt eitt punkt. På 1100-talet byrja ein bruka hekkror/(bak-)stamnror. På tradisjonelle norske båtar blir roret ofte kalla forstyre.

Av dagens hekkror skil ein mellom ubalansert ror, balanseror, halvspaderor og spaderor. Mange hurtigbåtar og dei fleste mindre fritidsbåtar i dag brukervassjet eller dreibareutanbordsmotorar som fremdrift. Desse styrer med framdriftssystemet, og har derfor ikkje tradisjonelle ror.

Ror på skip regulerer normalt skipet i horisontalplanet. På moderne skip er det blitt vanleg å bruka ror også for å regulera skipet i det vertikale planet. Dette kan betra stabiliteten eller minska uønska rørsle, som sjøgang.

Flyror

[endre |endre wikiteksten]

Flyror regulerer stillinga til flyet med sideror oghøgderor på halen ogbalanseror ytst på vingene. Høgderoret regulerer også farten til flyet.

Andre bruksområde

[endre |endre wikiteksten]

Ror kan også brukast til andre ting, for eksempel til å dirigera luft- eller vasstraum ivifter ogpumper.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Brudevoll, Bjørn Aakre (28. september 2014).«ror».Store norske leksikon (på norsk). 
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2020
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ror&oldid=3535068»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp