Ronnie Scott | |||
Fødd | 28. januar 1927 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Aldgate i England | ||
Død | 23. desember1996 (69 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Ronald Schatt | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Tenorsaksofon | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Ronnie Scott (28. januar 1927–23. desember 1996) var einengelskjazz-tenorsaksofonist og jazzklubbeigar.
Scott byrja å spele i små jazzklubbar då han var 16 år gammal. Han turnerte med trompetistenJohnny Claes frå 1944 til 1945 og medTed Heath i 1946, i tillegg til å arbeide medAmbrose,Cab Kaye ogTito Burns. Han var involvert med det kortvarigeClub Eleven (1948–1950), medJohnny Dankworth og andre, og var medlem av generasjonen britiske musikarar som arbeidde på Cunard-skipet«Queen Mary» (periodeivis 1946–ca. 1950) for å kunne vitjeNew York og høyre ny musikk på direkten. Scott var av dei tidlegaste britiske musikarane som var påverka av spelestilen tilCharlie Parker og andrebebop-musikarar.
I 1952 vart Scott med i orkesteret tilJack Parnell og leia så sitt eige ni mann stort orkester med mellom andrePete King, som han seinare opna sin eigen jazzklubb i lag med,Victor Feldman,Hank Shaw ogPhil Seamen frå 1953 til 1956. Han leiaThe Jazz Couriers i lag medTubby Hayes frå 1957 til 1959, og var leiar for ein kvartett inkludertStan Tracey (1960–1967).
I denne perioden spelte han òg stundom i studio for andre artistar, mellom anna påThe Beatles sin «Lady Madonna». Han spelte òg på filmmusikk, som «Fear Is the Key» avRoy Budd. Han heldt fram å spele for artistar opp gjennom åra og spelte mellom anna soloen på hitsingelen tilPhil Collins frå 1981, «I Missed Again».
Frå 1967–69 var Scott medlem avThe Kenny Clarke-Francy Boland Big Band som turnerte mykje i Europa i lag medJohnny Griffin ogEddie «Lockjaw» Davis, samstundes som han dreiv sin eigenoktett medJohn Surman ogKenny Wheeler (1968–1969), og ein trio medMike Carr på klaverinstrument og Bobby Gien på trommer (1971–1975). Han leia så forskjellige grupper, hovudsakleg medJohn Critchinson på klaverinstrument ogMartin Drew på trommer.
Ronnie Scott var høgt respektert på begge sider av Atlanteren.Charles Mingus sa om han i 1961: «Av dei kvite gutane er det Ronnie Scott som ligg nærast den svarte blueskjensla, som Zoot Sims gjer det.»[1] D