Ronja Røverdatter (svenskRonja Rövardotter) er eibarnebok skriven avAstrid Lindgren som kom ut i 1981. Hovudpersonen i boka er Ronja, ei jente som er dotter av einrøvarhøvding. Boka fortel om henne frå fødselen av, men størsteparten av handlinga finn stad når ho er i tiårsalderen. Forteljinga er også blitt festa til film som kom ut i 1984 medTage Danielsson som regissør.
Ronja Røverdatter handlar om barndommen tilRonja, ei jente som veks opp i ei borg i ein aude skog som dotter avrøvarhøvdingen Mattis. Mora er den sterke Lovis, som held styr på røvarflokken. Elles er gamle Skalle-Per ein viktig person i oppveksten hennar.
Røvarane ligg i strid med ein annan bande, leidd av Borka. Desse flytter etterkvart inn i eine halvdelen av røvarborga, som er blitt skild frå den andre av eitlynnedslag same natta Ronja vart fødd. Ronja blir etter kvart ven med den jamgamle sonen til Borka,Birk.
Ronja tek tidleg til å uforskaskogen rundt borga. Ronja klarar fort å tilpasse seg naturen, med det yrande dyrelivet og ei verd full avunderjordiske skapningar, særleg dei trugandevillvettene.
Styresmaktene, gjennom «knektane», truger livsgrunnlaget til røvarane. Det største trugsmålet er likevel kløfta mellom dei to gruppene. Ronja og Birk prøver hardt å forsona dei, Ronja ved å gje seg sjølv somgissel til Borka etter at Birk er blitt fanga av mattisrøvarane og ved å bryta dei sterke banda til far sin. Etter ein sommar der ho og Birk bur saman i ei grotte vekke frå borga, går fedrane deira med på å sameina bandane. Saman klarer dei driva knektane ut av skogen.
Ronja og Birk er likevel ikkje heilt nøgde. Når dei blir vaksne vil dei ikkje leva av overfall. I staden set dei sin lit til einsølvskatt Skalle-Per har fortald Ronja om.

Lindgren tok til å skriva boka i 1979, og allereie før ho var ferdig hadde ho teke til å samtale om ei filmatisering medOlle Hellbom, som hadde regissert mange av bøkene hennar. Våren 1982 hadde Hellbom ordna med finansiering, medarbeidarar og ein passande innspelingsstad, men døydde i juni 1982.
Tage Danielsson tok over, og innspelinga starta hausten 1983. Utandørsscenane blei spelte inn på Sörknatten iDalsland,Blåsjön iJämtland og vedHaga slottsruin iSolna. Innandørsscenane blei spelte inn i studio iOslo ogStockholm og iTykarpsgrotta. I juni 1984 var innspelinga ferdig og filmen hadde premiere jula 1984.[1]
KvinnenamnetRonja er blitt brukt i Noreg sidan 1980-talet, truleg på grunn av forteljinga om Ronja Røverdatter.