Sidan Folkeforsamlinga hadde den grunnleggande avgjerdsmakta i republikken(les:Republikken Rom), var kvar einskild senator avhengig av å ha ei lojal gruppering av plebeiarar bak seg i Folkeforsamlinga for å få gjennomslag for sine framlegg. I kampen om å trygge stønad i Folkeforsamlinga utvikla det seg ein kultur for at patrisiarar betalte for, trua til seg eller gav vern til plebeiarar som stemte «rett» i Folkeforsamlinga. Patrisiaren (senatoren) vart dåpatron for sineklientar.
Sidan Romarriket ikkje hadde noko velferdssystem, eller fungerande politimakt, var det fleire grunnar til at klientsystemet fekk utvikle seg. Klientane gjekk til patronane sine om dei hamna i rettslege tvistar, vart skadde og trong legehjelp, eller trong assistanse av andre typar, t.d. fungerte patronen og mennene hans som politiet fungerer for nordmenn i dag. Forholdet mellom patronar og klientar utvikla seg til å verte ein grunnstein i samfunnet. Lojalitetsbanda gjekk ofte i arv.
Ein kan sjå ei utviklingsline mellom patron-klient-forholdet oggodseigar-leiglending-forholdet i Europa i Mellomalderen, då fleire patronar flytta ut av bysentera med klientane sine i hundreåra før Vestromarriket fall, og utvikla liknande (langt i frå like djuptgåande) band der.
Utvida artikkel omproletarsoldatane i Romarriket
Mot samanbrotet (samanbrotet nærma seg i eit historisk perspektiv, men det var nok få som merka det i samtida), når germanarane byrja å presse på vestdelen av Romarriket, vart klientsystemet vrengt over til å verte eit maktsystem for hærførarane i republikken.
I storparten av romersk historie hadde det vore jordbrukarane si plikt å stille som soldat til hæren, på grunnlag av jordbrukarane si grunnleggande rolle i den tidlege romerske republikken. Etterkvart somfolkevandringane i Europa førte til at germanarane pressa på vestdelen av romarriket, mellom anna av dihunarane pressa germanarane vekk frå sine område, vart ei militær endring naudsynt. Det var ikkje lenger mogeleg for romarane å drive storstilt erobringskrig mellom anna av di det no var dei sjølve som var på defensiven. Dessutan hadde dei erobra dei områda som var prega av stor rikdom i sin eigen omkrins allereie.
Hærføringa førte ikkje lenger med seg dei inntektene den hadde gjort tidlegare, ettersom hæren hovudsakleg dreiv forsvar av grensene. Det trongst større militære ressursar til å forsvare det enorme imperiet enn det tidlegare hadde trongst til å utvide det og erobre nye landområde. Alt i alt opplevde riket soldatmangel. (Her ser ein òg ustabiliteten som oppstod i Vestromarriket når militærøkonomien (som romarane hadde gjort til hovudinntektskjelde i vest, framfor jordbruket) ikkje lenger gav inntekter nok. Historisk ser ein at samanbrotet var på veg)
Senatet (og Folkeforsamlinga) fekk difor (og av fleire mindre årsaker) vedteke at den romerske hæren skulle kalle innproletarar (lat: «dei som berre har avkom» -ikkje jord) til hærteneste. Proletarane vart avhengige av sine hærførarar for å få t.d. mat, rettshjelp og liknande, til og med etter militærtenesta - ikkje berre under militærtenesta, slik bondesoldatane hadde vore. Difor utvikla proletarsoldatane eit klientforhold til sine generalar, og gradvis vart dei romerske soldatane i større og større grad klientsoldatar til sine generalar, heller enn soldatar av Rom. Den utviklinga førte med seg stor makt til dei militære leiarane i republikken. Proletarane hadde, som alle andre plebeiarar, rett til å sitje i Folkeforsamlinga.