Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rokokko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rokokkoskulptur av denheilage Notburga, vernehelgen for tenarar.

Rokokko er einkunsthistorisk stilart som opphavleg oppstod iFrankrike tidleg på1700-talet.[1] Perioden kom etterbarokken og blei avløyst avnyklassisismen.[1][2] Han er kjenneteikna av lette, elegante former inspirerte av naturen, og bruker gjerne leikande, usymmetriske former som står i kontrast både til den regelbundne barokken og den strenge nyklassisismen.[3]

Namnet «rokokko» er avleidd av det franskerocaille, eit namn på skjellpynt ein nytta på kunstige grotter. Stilen oppstod under kongLudvig XV av Frankrike, og på fransk har han ofte namnetLouis-quinze. I England har den tilsvarande stilen namn etter dei fire kongane kalla Georg, og er kjend somGeorgian. Omgrepet rokokko blei særleg brukt i Norden og Tyskland.

Rokokkostilen voks fram iParis i 1720- og 1730-åra. Han spreidde seg i Europa gjennom dei neste tiåra, og fekk ei stordomstid på 1760-talet. I Noreg blei stilen gjeldande frå 1750-talet, og blei halden ved like i lang tid deretter i bondesamfunnet, til dømes gjennomrosemåling.[2]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Svein Engelstad: Kunstordliste side 24
  2. 2,02,1rokokko av Lauritz Opstad iStore norske leksikon
  3. Rococo style iEncyclopaedia Britannica. Encyclopædia Britannica Online, vitja 22. mai 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Rokokko
Spire
Dennekunstartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rokokko&oldid=2992246»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp