Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rodina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rodina

LandRussland
Grunnlagt14. september 2003
Nedlagt28. oktober 2006
HovudkvarterMoskva
Medlemstal135 000(1. januar 2006)
Ideologirussisk nasjonalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida,høgreekstremisme

Narodno-patriotitsjeskij sojuz Rodina (russisk Народно-патриотический союз Родина,Den folke-patriotiske unionen Moderland) var eit politisk parti iRussland frå2003 til2006, då det gjekk inn i det nye partietRettferdig Russland (Spravedlivaja Rossija). Det vart stifta i september2003 som ein valallianse til parlamentsvalet i 2003 av fleire nasjonalistiske og venstre-orienterte grupper. Dei tre fremste leiarane varSergej Glaziev,Sergej Baburin ogDmitrij Rogozin. Partiet fekk 9,0 % av røystene ved valet i 2003. Motstandarar av partiet hevda at det hadde blitt stifta på oppmodinga avVladimir Putin sitt regime for å trekkja støtte bort fråkommunistpartiet. Rodina stilte ingen kandidat til presidentvalet i2004. Som resultat av dette trekte Sergej Glaziev seg frå partiet og stilte som uavhengig kandidat. Han fekk 4,1 % av røystene. Partiet har òg ellers vore utsett for indre uro.

Rodina fekk ikkje lov å delta i valet til byparlamentet iMoskva i desember2005 fordi kampanjen deira vart dømd å oppmoda til rasehat. Ein av partiet sine valplakatar viste mørkhuda kaukasar som kasta vassmelonskal på bakken, med teksten "la oss rydda byen vår for bos" under.

28. oktober2006 slo Rodina seg saman medDet russiske pensjonistpartiet (Rossijskaja partija pensionerov) ogDet russiske livspartiet (Rossijskaja partija zjizni) under namnetRettferdig Russland: Moderland/Pensjonistar/Liv (Spravedlivaja Rossija: Rodina/Pensionery/Zjizn)[1]. Rodina var det einaste av desse tre partia som var representert i dumaen frå før. Det nye partiet har erklært seg som eit støtteparti for president Putin. Den første testen for det nye partiet vert regionalval i 14føderasjonssubjekt den11. mars2007.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentreng fleirereferansar for verifikasjon. Du kanforbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2023

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Rodina
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rodina&oldid=3500126»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp