Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rocket 88

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Rocket 88» er einrhythm and blues-song som først var spelt inn vedSam Phillips sitt studio iMemphis iTennessee den 3. eller 5. mars1951. Mange hevdar at dette erden aller første rock 'n' roll-songen, mellom anna Phillips sjølv som seinare vart eigar avSun Records og som var ein av dei førsteplateprodusentane innanrock and roll.[1]

Originalversjonen av Jackie Brenston med Ike Turner

[endre |endre wikiteksten]

Originalversjonen av denne12-taktsblues-songen var kreditert tilJackie Brenston and his Delta Cats, men dette bandet eksisterte eigentleg ikkje. Songen vart sett i saman avIke Turner og bandet hans på øvingar ved Riverside Hotel iClarksdale iMississippi, og spelt inn av Turner sitt bandKings of Rhythm.Jackie Brenston (1930-1979), som var ein saksofonist med Turner, hadde vokalen på «Rocket 88». Songen var ei hyllest tilOldsmobile-merket «Rocket 88», som akkurat hadde kome på marknaden i 1949. Sjølv om Brenston vart ført opp som låtskrivar i staden for Turner, veit ein i dag at Brenston truleg berre vart ført opp av finansielle årsaker. Suksessen til songen gjorde at Brenston forsvann ut av bandet til Turner for å starte ein solokarrière, men han oppnådde aldri suksess igjen.[2]

Songen bygde på «Cadillac Boogie» frå 1947 avJimmy Liggins.[3] Han var òg påverka avPete Johnson sin «Rocket 88 Boogie», ein instrumental som opphavleg vart spelt inn på Los Angeles-selskapetSwing Time Records i 1949.

Med utgangspunkt ijump blues ogswingmusikk gjorde Turner songen råare og starta med eit markantetterslag av trommis Willie Sims, og la Brenston sin entusiastiske vokal over sitt eige piano og ein tenorsaksofonsolo av 17 år gamle Raymond Hill (som seinare vart far tilTina Turner sitt første born før ho gifta seg med Ike).[4] Songen er òg første gong einforvrengd gitar ellerfuzzgitar vert nytta på ein innspeling, spelt av Willie Kizart.

Soga om korleis denne lyden kom til seier atgitarforsterkaren til Kizart vart øydelagd påHighway 61 då bandet køyrde fråMississippi til Memphis, men at Phillips likte lyden og nytta han.[5][6]

«Rocket 88» var den nest størsterhythm and blues-singelen i 1951, og nådde førsteplass i juni og var på topp i fem veker. Dette gav Philips så mykje pengar at han kunne starte Sun Records.[2]

Ike Turner sin pianointro vart seinare nytta note for note avLittle Richard på hans «Good Golly Miss Molly».

Versjonen til Bill Haley

[endre |endre wikiteksten]

Bill Haley and the Saddlemen spelte inn ei utgåve av «Rocket 88» den 14. juni 1951, eit par månader etter Brenston spelte inn sin versjon[7][8] Haley oppnådde ein regional hit nordaust i USA og fekk Haley inn i den musikalske retninga som seinare skulle gje han den enorme hitten «Rock Around the Clock» i 1954.

Enkelte som meiner at rock and roll er ei samansmelting avcountry og rhythm and blues meiner at det er Haley, som på denne tida var ein countryartist, som hadde den første rock and roll-songen med denne versjonen og at det ikkje var Turner/Brenston sin original. Uansett er «Rocket 88» ein prototyp for ein rock 'n' roll-song både i stil og instrumentering, samt det tekstmessige temaet der ein bil vert nytta som metafor for seksuelle og romantiske tema.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Jim Dawson and Steve Propes,What Was the First Rock 'n' Roll Record?, Faber & Faber, 1992,ISBN 0-571-12939-0
  2. 2,02,1Rocket 88 på allmusic
  3. Jackie Brenston and Ike Turner, Delta Rhythm Kings
  4. Raymond Hill
  5. Deep Blues page 222 ISBN 0 14 00.6223 8
  6. Rock & Roll: An Unruly History page 201ISBN 0-517-70050-6
  7. Bill Haley Recordings, arkivert fråoriginalen 5. februar 2012, henta 6. september 2008 
  8. Bill Haley: Holiday 105[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rocket_88&oldid=3513870»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp