Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ringebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringebu
tettstad
Land Noreg
FylkeInnlandet
KommuneRingebu
Areal1,86 km²
Folketal 1 408  (2024)
Folketettleik757 / km²
Postnummer2630 RINGEBU
Innbyggjarnamnringbygging
Preposisjon Ringebu
Kart
Ringebu
61°31′47″N10°08′20″E / 61.52963889°N 10.13888889°E /61.52963889; 10.13888889
Wikimedia Commons: Vålebru

Ringebu er eit sokn og eintettstad iRingebu kommune i søreGudbrandsdalen iInnlandet fylke.

Ringebu sokn

[endre |endre wikiteksten]

Ringebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmedGudbrandsdalslågen, fråFrya i nord tilTromsa ogMoelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstadenFåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa.Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.

Ringebu tettstad

[endre |endre wikiteksten]

Tettstaden Ringebu, òg kallaVålebru ellerVålebrua, har 1 408 innbyggjarar per 1. januar 2024 og eradministrasjonssenter i kommunen. Den voks fram somstasjonsby etter at Ringebu stasjon vedDovrebanen blei opna i 1896.Namnet Vålebru kjem frå elvaVåla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.

Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengd for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.

Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.

Folketalsutvikling på tettstaden Ringebu
ÅrInnbyggjarar
1900
  
205
1910
  
323
1920
  
345
1930
  
396
1946
  
809
1950
  
792
1960
  
1 010
1970
  
1 059
1980
  
1 494
1990
  
1 382
2000
  
1 276
2009
  
1 326
2012
  
1 314
Kjelder:
Ringebu stavkyrkje
Ringebu rådhus

Kjende personar frå Ringebu

[endre |endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«Ringebu – tettstedet» iStore norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ringebu&oldid=3542330»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp