Rimini er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Rimini iregionenEmilia-Romagna og har om lag 140 000 innbyggjarar. Byen ligg vedAdriahavet mellom elvaneMarecchia ogAusa. Sjøfart og fiske er tradisjonelle næringar og i lag medRiccione er han truleg av dei aller mest kjende feriestadane ved Adriahavet i Italia.
Byen vart sett på som ein bastion bot dei inntrengande gallarane og som eit springbrett for å erobrePosletta. Rimini var eit trafikknutepunkt mellom Sentral-Italia (Via Flaminia) og Nord-Italia (Via Aemilia som førte tilPiacenza og Via Popilia) og opna òg opp handel til sjøs og på elva.
På 500-talet fvt. vart han tatt av gallarane, men etter det siste nederlaget deira i 283 fvt. gjekk han til umbrarane og i 263 fvt. vart han einlatinsk koloni som seinare hjelpte romarane under gallarkrigane.
Byen var involvert i borgarkrigane, men var på dei sigrande si side og trufast motMarius ogJulius Cæsar. Etter å ha kryssaRubicon sa Cæsar den vidkjende appellen til legionen sin i forumet i Rimini.
Fleire av keisarane, somAugustus ogHadrian viste interesse i byen og denne perioden var ei stordomstid for Rimini der det vart bygd mange flotte monument som Augustusbogen, Tiberiusbrua og amfitetater, ogGalla Placida bygde San Stefano-kyrkja.
Under fallet til Romarriket vart det gjort store øydeleggingar i byen på grunn av invasjonar og krigføring, men Rimin var òg ein stad der det vart bygd fleire palass og dei første kyrkjene, som var eit symbol på utbreiinga avkristendomen. I 359 vart det mellom anna halde eit viktigråd her.
I728 vart han erobra av den langobardiske kongenkong Liutprand, men kom tilbake til austromarane omkring 735.Pipin den yngre gav han tilKyrkjestaten, men i krigen mellom pavane og dei italienske byane mot keisarane støtta Rimini keisarriket.
Byen vart ein kommune på 1300-talet og då dei religiøse ordnane trekte til byen vart det bygd mange kloster og kyrkjer, dekorert av mange kunstnarar.Giotto var mellom anna inspirert av Riminiskulen.
Malatesta-familien kom fram under kampane mellom dei forskjellige familiane i byen dåMalatesta da Verucchio i 1239 vartpodestà (føydalherre) i byen. Trass små avbrot hadde familien styringa over byen fram til1528. Malatesta da Verucchio vart 100 år og då han døydde i 1312 vart han etterfølgt avMalatesta II, den førstesignore (herren) i byen ogPandolfo I. Ferrantino, son til Malatesta II (1335), vart utfordra av søskenbarnet Ramberto og av kardinal Bertando del Poggetto (1331), legaten tilJohan XXII. Malatesta III, Guastafamiglia (1363), var òg herre overPesaro. Han vart etterfølgt av Malatesta IV l'Ungaro (1373) og Galeotto, onkelen til førstnemnde (1385), som òg var herre overFano (frå 1340), Pesaro og Cesena (1378).
Sonen hansCarlo var ein av dei mest respektertecondottieri på denne tida, som utvida områda til byen og opna hamna i byen på ny. Carlo døydde utan born i1429, og styret vart delt i tre Rimini gjekk tilGaleotto Roberto, som var heilt ueigna for denne rolla. Pesarese-linja til Malatesta-familien prøvde å utnytte dette til å erobre byen, menSigismondo Pandolfo Malatesta, ein nevø av Carlo som berre var 14 år på denne tida, kom i mellom for å redde byen. Galeotto trekte seg tilbake til eit klostertilvære og Sigismondo overtok styret i Rimini.
Sigismondo Pandolfo var den siste herren i Rimini. I 1433 oppheldt keisarSigismund av Det tysk-romerske riket seg i byen ei stund, medan han kommanderte paven sin hær. Han var ein dyktig leiar og gjekk stundom inn somcondottiero for andre statar for å få inn pengar til utsmykke byane.Han fekkLeon Battista Alberti til å byggje opp attTempio Malatestiano. Etter at pavePius II måtte han derimot konstant kjempe for sjølvstende til byen. I1463 måtte han underkaste seg Pius II, som berre etterlet han Rimini og lite meir.Roberto Malatesta, sonen hans (1482) mista nesten staten hans underpave Paul II, men underSixtus IV vart han kommandør over pavehæren motAlfonso av Napoli, som han vart slått av islaget ved Campomorto (1482).Pandolfo IV, sonen hans (1500), mista Rimini tilCesare Borgia som igjen mista byen tilRepublikken Venezia (1503-1509). Seinare vart byen teke tilbake avpave Julius II som ein del avKyrkjestaten. Etterpave Leo X døydde kom Pandolfo tilbake i fleire månadar og med sonen sinSigismondo hadde han eit tyrannisk styre ein periode.Pave Adrian VI kasta han ut og gav Rimini tilhertugen av Urbino, paven sin statthaldar i Romagna. I 1527 klarte Sigismondo å gjenerobre byen , men det neste året forsvann Malatesta-familien frå byen for godt.
På byrjinga av 1500-talet var Rimini ein del avKyrkjestaten og vart styrt av einpavelegat. Mot slutten av 1500-talet vart plassen Piazza Cavour ombygd. Statuen avpave Paul V har stått på midten av plassen ved sidan av fontena sidan1614.
Fram til 1700-talet vart byen råka av krigførande hærstyrkar, jordskjelv, svolt, flaum og sjørøvaråtak. I denne nedgangstida vart fiske ei viktig næring og fiskemarknaden og fyrtårnet vart bygd.
I 1797 vart Rimini, i lag med resten avRomagna, ein del avDen cisalpinske republikken undernapleonskrigane.Det napoleonske styret undertrykte klosterrørslene, tok eigedomane deira og øydela mange kyrkjer, inkludert den svært gamle domkyrkja Santa Colomba. I1845 kom ein gjeng eventyrarar kommandert av Ribbotti inn i byen og oppretta eit styre som snart vart avskaffa. I1860 vart Rimini og Romagna ein del av Kongedømet Italia.
Noko av det viktigaste for byen i nyare tid var opninga av det første badet og Kursaal, som vart eit symbol for Rimini som turistby. På byrjinga av 1900-talet vart Grand Hotel bygd nær kysten og vart snart eit symbol på den nye turismen.
Underden andre verdskrigen vart byen hardt råka av kraftige bombeåtak og nærleiken tilden gotiske frontlinja, men etter frigjeringa21. september1944, vart eit omfattande gjenoppbyggingsprosjekt sett i gang. Dette førte til ei eksplosiv turistutvikling, som har vore hovudnæringa i byen sidan.