Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Riigikogu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riigikogu


VirkefeltEstland
Skipa23. april 1919
HovudkontorTallinn
JurisdiksjonEstland
Nettsidehttps://www.riigikogu.ee/
Riigikogu har tilhaldsstad i Toompea-slottet iTallinn.

Riigikogu (tyder på norskRiksforsamlinga) er denlovgjevande forsamlinga iEstland. Ho er samansett av av eitt kammer med 101 representantar som er valde for fire år gjennom eitproporsjonalt valsystem. Representantane vert valde frå 11 valkrinsar. Stemmerettsalderen er 18 år, og ein kan veljast inn frå ein er 21 år.Sperregrensa er 5 %.

Riigikogu vel kvart femte ården estiske presidenten. Denne har i hovudsak seremonielle oppgåver, då denutøvande makta ligg hjå regjeringa. Regjeringa er avhengig av støtte frå nasjonalforsamlinga. Presidentskapet i Riigikogu er samansett av tre medlemmer, éin riksdagspresident og to visepresidentar. Desse vert valde blant medlemmene i nasjonalforsamlinga.

Soge

[endre |endre wikiteksten]
Møtesalen i den estiske nasjonalforsamlinga.

Det fyrste Riigikogu vart valt i 1920, og periodane vert rekna frå og med dette året. I mellomkrigstida vart det valt seks nasjonalforsamlingar. Det Riigikogu som vart valt i 1938 fekk perioden sin avbroten av invasjonen og okkupasjonen tilSovjetunionen. Rolla og mandatet til Riigikogu varierte i mellomkrigstida, sidan Estland hadde fleire ulike grunnlover.

Etter at Estland i august 1991 igjen vart sjølvstendig, bytta øvstesovjetet i Estland namn tilRiigikogu, som eit ledd i overgangen til demokrati under nasjonalt sjølvstende. I 1992 vart det igjen halde regulære frie val til nasjonalforsamlinga på grunnlag av den nye estiske grunnlova, som var vedteken ifolkeavstemming i juni 1992.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Riigikogu
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Riigikogu&oldid=3517550»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp