Rieti (latinRaeta) er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Rieti iregionenLazio og har om lag 45 000 innbyggjarar.
Byen ligg på ein liten åstopp oppfor ei vid slette ved sørenden av ein eldgamal innsjø. Innsjøen har derimot tørka inn og i dag er det berre to småvatn, Ripasottile og Cantalice.
Reate var opphavleg ein viktig stad forsabinarane. Etter atromarane tok over området på200-talet fvt. og landsbyen vart ein strategisk stad langs det tidlege romerske vegnettverket. Byen låg langsVia Salaria som var ein av dei største transportårene forsalthandel mellom Roma ogAdriahavet overAppenninane.
Gjennom eit djupt gjel i kalksteinen i nordenden av dalen gjorde Curius Dentatus slik at vatnet i innsjøen rann bort og ut i elvaNera. Det vide området vart så omgjort til ei frodig slette. Byen vart då flytta og forsterka med kraftige bymurar. Ei steinbru vart bygd over elva Velino og ein storviadukt vart bygd for å føre folk og vogner frå Salaria-vegen og opp til sørporten av byen.
EtterVestromarriket sitt fall vart Rieti øydelagd av barbarar, men heldt fram som ein viktig administrasjonsstad (gastaldato) medan han var underlangobardane, som ein del avHertugdømet Spoleto. Underfrankarane var han hovudstad i eit grevskap. På 800- og 900-talet vart han plyndra avsarasenarar og i 1149 av normannarkongenRoger II av Sicilia.
Byen vart bygd opp at med hjelp frå Roma og frå 1198 vart Rieti ein fri kommune, støtta avguelfarane med eigenpodestà.
Som sete for mange pavar vart Rieti ein stad der mange historiske hendingar.Konstanse av Hauteville gifta seg her medkeisar Henrik VI (1185);Karl I av Anjou vart krona i domkyrkja i 1289 som konge av Puglia, Sicilia og Jerusalem avpave Nikolas I.Pave Gregorius IX feira kanoniseringa avheilage Dominikus her i 1234.
Etter pavesetet vart flytta tilAvignon vart Rieti erobra avKongedømet Napoli då dei indre stridane mellomWelf ogGhibellini byrja. I 1354 vart han tatt tilbake avkardinal Albornoz, og seinare av føydalherrane i Alfani-familien som ein del avKyrkjestaten. Ein plan om drenere meir av den omliggande sletta vart utført i hundreåret etter, men dette førte til stridar med byenTerni.
Rieti vart provinshovudstad i Kyrkjestaten frå 1816 ti l1860. Ettersamlinga av Italia vart han først ein del avAbruzzi, før han vatr annektert til Lazio i 1923. Han vart provinshovudstad 2. januar 1923.