Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Rhinland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa tilRhinland langs elvaRhinen.
Historiske bysentrum i det tyske Rhinland, frå Mainz til Köln (kart 1909)

Rhinland er ein historisk region i det vestreTyskland. Rhinland ligg på begge sider av elvaRhinen, og ligg i dag i deityske delstataneRheinland-Pfalz ogNordrhein-Westfalen.

Tidlegare var Rhinland einprøyssisk provins. Han vart oppretta i1822, som ei samanslåing av to allereie eksisterande prøyssiske provinsar, det tidlegare hertugdømmetJülich-Kleve-Berg ogstorhertugdømet Niederrhein. Etterførste verdskrigen vartSaarland skilt ut av Rhinland og plassert underfransk administrasjon. Samstundes vart delar av Rhinland overteke avBelgia.

I mellomkrigstida skulle Rhinland i følgjeVersailles-traktaten vere eidemilitarisert sone. Den7. mars1936 ignorerteHitler traktaten og sende tyske styrkar inn i området.

Det var i1946, etterandre verdskrigen, at Rhinland fekk dagens administrative inndeling og vart delt mellom Rheinland-Pfalz og Nordrhein-Westfalen.

Dei største byane i Rhinland erAachen,Köln,Krefeld,Düsseldorf,Duisburg,Essen,Koblenz, ogWuppertal.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Rhinland&oldid=2814314»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp